No kan du gå på tur med guiden i lomma

NYE SKILT: Nyleg blei det sett opp skilt i Korssund om korleis ein kan lytte til historiene med telefonen.

NYE SKILT: Nyleg blei det sett opp skilt i Korssund om korleis ein kan lytte til historiene med telefonen. Foto:

TEKNOLOGI: Dagens teknologi er i stadig endring, no er også den personlege guiden bytt ut med mobilen. FjordKysten har utvikla ei nettside der ein får høyre spennande historier knytt til ni kulturvandringsløyper i fylket.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

– Det er ikkje så mange som kan tilby det vi kan, opplyser prosjektleiar i FjordKysten, Marita Solheim.

Førre veke sette FjordKysten i gang eit tiltak om å gjere kulturvandring langs kysten i fylket meir interessant. Dei har laga ei nettside der ein kan oppleve historiske stader og spennande historier levandegjort gjennom video- og lydforteljingar, i lette kulturvandringsløyper langs FjordKysten. Førebels ligg det ute klipp til turane i Korssund, Ausevika, Eivindvik, Gulatinget, Stongfjorden, Hyllestad, Kalvåg, og dessutan Dale i Jakob Sande sine fotspor.

Vil få folk ut

Visit FjordKysten er destinasjonsselskapet for kystkommunane Gulen, Solund, Hyllestad, Askvoll, Flora og Bremanger. Med nettsida dei har konstruert, slepp ein å ta omsyn til guida turar, ein kan då høyre på historiene når ein vil.

– Ein kan sjølvsagt sitte heime i stova og høyre og sjå videoane på nettsida, men vi vil få folk ut slik at dei får med seg heile opplevinga, seier Solheim.

PROSJEKTLEIAR: Marita Solheim er no i ferd med å sette opp dei nye skilta i samband med kulturvandringsprosjektet.

PROSJEKTLEIAR: Marita Solheim er no i ferd med å sette opp dei nye skilta i samband med kulturvandringsprosjektet. Foto:

Nettsida fungerer slik at det er forskjellige startpunkt i løpet av løypa ein går på. Når ein passere desse punkta, vil video- og lydforteljingane bli aktiverte. Solheim meiner dette er eit godt alternativ til å bruke lange tekstar på eit skilt.

– Folk er jo på desse mobilane sine heile tida uansett. Vi har også erfaring med at det ikkje er så mange som har tolmod til å lese lange tekstar om historie. Ein blir meir aktivt med i historia når ein kan gå langs stiane der alt skjedde.

Lang prosess, men verd det

FjordKysten har arbeidd med dette prosjektet i to år, noko som tok lengre tid enn det Solheim hadde trudd.

– Det har vore omfattande arbeid å grave opp alle historiene og sortere det.

Med hjelp frå fylkeskommunen har prosjektet fått tilskot til gjennomføring av tiltak som å dramatisere dei ulike historiske hendingane. Her har dei fått med seg lokale skodespelarar til å spele blant andre Olav den Heilage, i historia om reisinga av steinkrossen i Korssund.

– Dramatiseringa er noko av det som har tatt lengst tid, men som vaksen finn ein ut at alt tar eigentleg lang tid, men vi er veldig nøgde med resultatet, som jo er det viktigaste.

AUSEVIKA: Her har dei dramatisert korleis bergbileta i Ausevika blei til i steinalderen.

AUSEVIKA: Her har dei dramatisert korleis bergbileta i Ausevika blei til i steinalderen. Foto:

Nyttig for turistar

Forteljingane og videoane kan ein høyre på både norsk og engelsk. Turistar kan då også få med seg dei viktige hendingane som har vore med på å forme norsk natur og kultur.

– Det som er kjekt for lokalbefolkninga, er ofte også kjekt for turistane som kjem hit.

Solheim fortel at eitt av måla for kulturvandringa er å få andre nysgjerrige på kultur og dette er ein lett og underhaldande måte å gjere det på.

– Eg trur dette er noko både barn og eldre vil synast er kjekt å høyre på.

Artikkeltags