Kajakkane vart stolne rett frå biltaket: – Det er sært å halde på slik

BER OM HJELP: Ekteparet Irene og Håkon Mjømnen hadde sett fram til å bruke kajakkane i ferien på Mjømna, men slik blei det ikkje. No er kajakkane stolene og ekteparet ber om tips i saka.

BER OM HJELP: Ekteparet Irene og Håkon Mjømnen hadde sett fram til å bruke kajakkane i ferien på Mjømna, men slik blei det ikkje. No er kajakkane stolene og ekteparet ber om tips i saka. Foto:

Av

GULEN: Dei siste vekene har det vore fleire tjuveri i Gulen. Natt til søndag forsvann to kajakkar og ein tilhengar.

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

– Planen vår var å bruke kajakkar kvar dag i ferien. Men no blir ikkje det noko av, seier Irene Skei Mjømnen oppgitt til avisa Nordhordland.

Laurdag la ho og mannen Håkon ut på ein padletur rundt Byrknes, men på grunn av vind snudde dei og blei henta med bil. Dei sette kajakkane på taket, og let dei stå på bilen som stod parkert på Mjømna gjennom natta.

Låg og sov på hytta då tjuveriet skjedde

– Vi tenkte ikkje ein gong på at dei kunne bli tatt. Men søndag morgon var dei vekke. Vi hadde festa dei godt, men stroppane var skorne rett av.

Ekteparet låg og sov på hytta i lag med dei fire borna og besteforeldra då tjuveriet skjedde. Familien bur til vanleg på Inderøy i Nord-Trøndelag, men har familie frå Mjømna.

– Det er nok eit tjuveri som har skjedd ganske raskt, seier Håkon.

– Ein i nærområdet hadde observert ein bilhengar like ved og ein bil utan folk i. Seinare same natta var bilen og tilhengaren vekke, men han hadde ikkje lagt merke til om våre kajakkar då var forsvunne.

 – Det her var veldig kjedeleg. Mjømna er jo ein veldig roleg plass, så det er også veldig overraskande at slikt skjer. 

Over 50.000 i verdiar

Dei to kajakkane, ein raud og ein gul, kostar 30.000 og 20.000 nye. I tillegg låg det kajakk-utstyr til eit par tusen oppi kajakkane då dei blei stolne.

– Det er jo snakk om litt pengar. Men det mest kjedelege er at er jo at det ikkje blir noko av turane vi hadde planlagt, seier Irene.

– Det er jo litt sært i halde på slik, legg ho til.

Ekteparet melder tjuveriet til politiet, men har lita tru på at dei får kajakkane attende. Dei trur tjuvane har planar om å selje kajakkane, og ber difor om at folk tar kontakt om dei ser liknande kajakkar til sals.

Hengar forsvann

Tjuveriet av kajakkane er langt frå det einaste tjuveriet som har skjedd i Gulen den siste tida. Same natt som kajakkane vart stolne, forsvann også ein tilhengar av markert Tysse frå ein parkeringsplass i nærleiken av Fivesdal. Både kajakkane og tilhengaren var parkert like ved vegen.

No ber politiet i Gulen, Masfjorden og Solund publikum om hjelp til å finne ut av kva som har gått føre seg.

Tilhengaren er av merket Tysse og har ei tillaten totalvekt på 750 kilo. Den raude kajakken er av merket Skim Braveheart og den gule er av merket Valley Avocet.

– Om nokon har informasjon om desse tinga ber vi dei om å ta kontakt med oss på telefonnummer 57781300, opplyser lensmannskontoret.

Fleire tjuveri

I tillegg til tjuveria som skjedde i helga, har det dei siste to vekene blitt stole fleire gjenstandar i Gulen. Mellom anna har det blitt stole ein høgtrykksspylar, ein kompressor, ei motorsak og nokre røyr i området.

Politiet har førebels ikkje mykje å gå etter, men etterforskar tjuveria.

– Vi håpar publikum har nokre tips, slik at vi kan finne ut av dette.

Artikkeltags