Frontkollisjon i Gulen – ein til sjukehus

DEL

Ulukka skal ha skjedd ved Steine, ikkje så langt frå Sløvåg. Det melde Vegtrafikksentralen like over klokka 11.30.

Samtidig melde Vest politidistrikt at det er to personbilar involvert og at politiet var på veg til staden.

Klokka 12.20 fortel Lars Geitle i Vest politidistrikt at det er snakk om ein frontkollisjon der den eine bilen har hamna på sida. Det var ein person i kvar bil, og ein av dei to er no send til Haukeland sjukehus med ambulanse. Det er ikkje sagt noko om skadeomfang.

Ifølge vegtrafikksentralen er det passering for trafikk med manuell dirigering, men politiet seier at vegen kan bli stengt att når bilbergaren kjem fram.

– Han er venta å vere på plassen rundt klokka halv eitt, seier Geitle.

Firda kjem tilbake med meir.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33 Send video

Artikkeltags