Pankreassjukdom i Gulen

Av

GULEN: Det er påvist pankreassjukdom i eit oppdrettsanlegg i Gulen i Sogn, opplyser Mattilsynet.

DEL

Oppdrettsanlegget ligg ved Hjartholm og er eigd av verksemda Mowi AS.

Fiskesjukdomen er forårsaka av virusvariantane SAV2 og SAV3 og prøvane vart tatt ut i samband med kartlegging av sjukdomsstatus før slakting i november.

Mattilsynet ser alvorleg på funnet fordi det er uvanleg å finne SAV2 i dette området. Varianten SAV3 er vanleg sør for Stadt, men SAV2 er ein virusvariant som ein ikkje ønsker skal spreiast sør for Stadt.

I området er det stor oppdrettsaktivitet. For å hindre at smitten spreier seg har Mattilsynet pålagt restriksjonar for lokaliteten. Det er mellom anna forbode å flytte fisk og utstyr utan særskilt løyve av Mattilsynet.

Mowi AS er i gang med å slakte ut fisken i oppdrettsanlegget som har fått påvist SAV2.

Alle som driv fiskeoppdrettaktiviet i området må vise varsemd slik at spreiing av eventuell sjukdom vert unngått.

Fiskeridirektoratet sine sider kan du få sjå oversikt over fiskeoppdrett i Norge.

Dei bur på ein av Norges våtaste plassar. – Det er heilt forferdeleg 

Artikkeltags