I dag blir det endringar

Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

GULEN: Frå klokka ti 1. september skal pasientar frå Gulen ikkje lenger til Førde.

DEL

– Klokka ti blir 113-telefonen kopla til Haukeland i staden for Førde. Samtidig overtar vi ambulansestasjon og dei tilsette som har vore med i Gulen. Det er om lag ti tilsette, seier seksjonsleiar for akuttmedisinsk seksjon ved Helse Bergen.

Som pasient skal du altså ringe same nummer, men det er andre som svarar.

Ordførar Hallvard Oppedal (Sp) er nøgd med å komme i mål med forhandlingane som har gått sidan 2010, men har ikkje så mykje å seie om framtida:

– No skal vi sette oss ned med Helse Bergen i oktober, etter at dette har komme skikkeleg i gang, og diskutere korleis det fungerer, seier han.

– Blir det endringar i ambulansetenesta?

Gulen til Helse Bergen

Gulen søkte allereie i 2010 om å bli overført til Helse Bergen

1. september 2016 klokka ti skjer dette

Helse Førde skal framleis drive ambulansebåtane

– Vi har ein ambulansestasjon på Dalsøyra som blir verande der. Vi har vore i dialog med Helse Førde om å bygge ny stasjon i samband med at vi skal bygge bustader for psykisk utviklingshemma. Det skal vi jobbe vidare med Helse Bergen om. Men dei har vore tydelege på at vi må ha ein ambulansestasjon nord for Fensfjorden, seier Oppedal.

Brattebø meiner det er logisk at pasientar i Gulen blir køyrde sørover.

– Det er eit stykke til Bergen, men det er eit godt stykke til Førde også. Det akutte har ofte komme til Bergen fordi legevakta uansett er i Knarvik.

Han seier at vanlege planlagde undersøkingar også skal til Bergen, til dømes om ein skal få undersøkt eit vondt kne. Brattebø kan fortelje at ambulansestasjonen i Gulen har om lag 500–600 oppdrag i året, og også har dekka delar av Masfjorden for Helse Bergen tidlegare.

– Inntil vidare blir ambulansestasjonen der han er.

– Inntil vidare?

– Vi veit ikkje så mykje på sikt, og stasjonen er ikkje god. Vi veit at kommunen snakkar om å bygge nytt, og det er ei aktuell løysing å vere med på, men vi har ikkje fått diskutert det enno. Først må vi overta og områ oss, seier Brattebø.

Sjølv om det ikkje kjem eit klart svar no, meiner Brattebø det er liten fare for ambulansetilbodet med overgangen til Helse Bergen.

– Det er vanskeleg å sjå at vi ikkje skal ha ein stasjon nord for Fensfjorden.

– Det betyr ikkje nødvendigvis Gulen.

– Nei, men av erfaring plasserer vi stasjonen der det er flest folk. Det er ikkje lurt å plassere han mellom. Dette må vi diskutere med kommunen. Kvar legen er på dagtid, og slike ting, har også noko å seie.

Artikkeltags