Her sprenger dykkarane mina i Sognefjorden

SPRENGT: Minedykkerkommandoen uskadeleggjorde ei mine frå andre verdenskrig, som vart funne i ein fisketrålar i Sogn.

SPRENGT: Minedykkerkommandoen uskadeleggjorde ei mine frå andre verdenskrig, som vart funne i ein fisketrålar i Sogn. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

GULEN: Onsdag vart det funne ei gammal, britisk mine i ein fisketrål vest for Gulen. Torsdag vart den sprengt av forsvaret.

DEL

Sprenginga vart gjort av Minedykkerkommandoen frå Sjøforsvaret.

Mina som vart uskadeleggjort vart oppdaga av studentar og forskarar frå Havforskingsinstituttet på tokt i Sognefjorden med forskingsbåten Kristine Bonnevie. Under toktet vart det drege opp ei mine i trålen. Mannskapet vart sett i land i Rutledal, politiet vasrt varsla og personell frå Minedykkerkommandoen (MDK) kom raskt til staden, melder Sjøforsvaret i ei pressemelding.

Mina er ei britisk mk. 17-mine og er frå andre verdskrig. Operatørar frå MDK slo fast at mina ikkje lenger utgjorde ein stor risiko, og tok valet å senke mina i fjorden på om lag ti meter, vest for Rutledal i Gulen.

– Det er mange slike på havbotnen etter krigen. Dei fleste er ufarlege og harmlause grunna at dei er så gamle, men ein skal alltid vere på den sikre sida. Mina som vart fanga av forskingsbåten hadde 220 kilo med sprengstoff inni seg, seier skvadronsmester Jon Lauritsen.

Torsdag vart mina sprengt av operatørar frå Minedykkerkommandoen.

– Ein av dykkarane våre dykka ned til mina og heva den frå 22 meters djupne til 5 meter. Deretter la vi på rundt 5 kilo sprengstoff og sprengde den på grunt vatn.

Sjøforsvaret oppfordrar folk til å varsle politi dersom ein finn objekt som kan vere ei mine eller andre eksplosiv. Det er også viktig å evakuere, slik som forskarane og studentane gjorde, slik at nokon med spesialkompetanse kan vurdere risikoen rundt objektet, melder Sjøforsvaret.

Artikkeltags