Pipebrann i Gulen: Huseigar fekk fyringsforbod

Brannmannskap frå Brekke og Eivindvik måtte rykke ut til pipebrann i Breidvika søndag ettermiddag.

DEL

– Vi fekk meldinga ca. klokka 14.00 og rykte ut med eit mannskap på totalt seks stykk frå to brannstasjonar. Vi fekk kontroll relativt kjapt og sløkt brannen.

Det seier Sigvald Kvinge, sjef for Gulen og Masfjorden brann og redning måndag.

Etter det Kvinge kjenner til var huseigar i huset då brannen oppstod.

Huset vart ikkje skadd av pipebrannen, men huseigar har fått fyringsforbod inntil feirar har vore på inspeksjon, opplyser brannsjefen.

Kva som er årsaka til brannen er førebels ukjent.

– Kva bør ein som huseigar gjere viss ein oppdagar pipebrann?

– Det viktigaste er å stenge all lufttilførsel, altså å stenge trekken på dei omnane ein har. Medan ein ventar på brannvesenet er det viktig å følgje med på pipa frå øvste del og nedover, at eld ikkje kjem ut av skorsteinen og angrip treverket.

På generelt grunnlag anbefalar Kvinge å fyre med tørr ved.

– Ha god fyringsteknikk og god trekk.

Artikkeltags