Brann i bil på Steine i Gulen kommune

UTBRENT: – Det er ein gamal bil som har tatt fyr, og den er heilt utbrent, seier Sigvald Kvinge, brannsjef i Gulen og Masfjorden til Avisa Nordhordland.

UTBRENT: – Det er ein gamal bil som har tatt fyr, og den er heilt utbrent, seier Sigvald Kvinge, brannsjef i Gulen og Masfjorden til Avisa Nordhordland. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

GULEN: Førar kom seg ut av bilen på eigahand.

DEL

Klokka 17.47 melde 110-sentralen om ein bilbrann på Steine, rett etter Sløvåg, i Gulen kommune.

– Brannvesen er på veg, skreiv brannvesenet i Twitter-meldinga.

– Vi held no på å avslutte sløkking av brannen, seier Sigvald Kvinge, brannsjef i Gulen og Masfjorden til Avisa Nordhordland klokka 18.00.

– Det er ein gamal bil som har tatt fyr, og den er heilt utbrent, opplyser han.

– Lokalt brannvesen fekk sløkt brannen og redda busskuret inntil bilen med god hjelp frå ein lokal bonde med møkkavogn, seier Kvinge til Avisa Nordhordland.

Føraren kom seg ut av bilen på eigahand.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags