Oppdrettsbåt med to personar gjekk på grunn i Gulen

GULEN: Kom seg vidare for eiga maskin og er på veg mot land.

DEL

Ein mindre oppdrettsbåt gjekk onsdag kveld i fjæresteinane ved Byrknes i Gulen, melde Hovedredningssentralen i Sør-Norge litt før klokka 19.00.

Det skal ha vore to personar om bord i båten.

– Så langt er det ingen stor dramatikk. Båtar i nærleiken er komne til for å hjelpe, og vi har snakka med dei to som er om bord. Det ser greitt ut, bortsett frå at båten står fast, fortalde redningsleiar Nils-Ole Sunde ved HRS til Bergens Tidende.

Litt før klokka 20.00 melde HRS at fartøyet har kome seg av grunn for eiga maskin og er på veg mot kai. Det skal ikkje vere snakk om lekkasje.

Artikkeltags