Lensmann: – Kontakt politiet, ikkje berre skriv det på Facebook

TA KONTAKT: Ivar Holmaas ber om at dei som har tips om tjuvjakta kontaktar politiet.

TA KONTAKT: Ivar Holmaas ber om at dei som har tips om tjuvjakta kontaktar politiet. Foto:

GULEN: Vitne sat att med skiltnummer etter tjuvjakt og delte det på Facebook, men politiet høyrde ingenting.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Fredag kveld gjekk Gulen ettersøkslag ut med ei Facebookmelding etter mistanke om tjuvjakt ved fv. 57 på Nese mellom Leversundet og Haveland. Her bad ettersøkslaget folk om å vere på vakt.

Fleire kommenterte under innlegget, deriblant folk som hadde skildringar av bilen som ein trur blei nytta under tjuvjakta. Ein anna person skreiv at han hadde skiltnummeret til køyretøyet.

Desse kommentarane er seinare blitt fjerna, og ettersøkslaget oppmodar folk om å tipse politiet om dei har opplysningar.

– Ring oss i staden for å halde informasjonen for deg sjølv

Lensmann i Gulen, Ivar Holmaas, vil gjerne ha meir informasjon og tips om saka.

– Vi har ikkje fått informasjon om registreringsnummer, men eg kjenner til at nokon har skrive på Facebook at dei har det, seier lensmannen.

Politiet har fått skildring av ein kassebil som skal ha vore brukt i tjuvjakt, men registreringsnummeret har dei ikkje høyrt noko om.

– Folk må ta kontakt med oss i staden for å skrive det på Facebook.

Politiet har ikkje vore på staden og etterforska saka, men har bedt om å få ei skriftleg politimelding. 

– Dette er ein oppførsel vi ikkje ønsker, fastslår Holmaas, som frå tid til anna får inn meldingar der folk mistenker tjuvjakt.

– Men det er korkje auke eller noko kraftig omfang.

Halve styrken på sykkel-VM

Politiet i Gulen er i likskap med mange andre lensmannskontor i fylket, opptekne med sykkel- VM som går av stabelen i Bergen dei to neste vekene. Fire av dei sju på kontoret må jobbe under verdsmeisterskapet. 

– Vi som er att på kontoret har maksimalt beredskap av det vi kan ha. Det er klart det er ein spesiell situasjon, men samstundes må vi berre gjere det beste ut av det. Det er ikkje mogleg å arrangere eit verdsmeisterskap utan at politiet sine ressursar blir omprioriterte. I ein kortare periode får det konsekvensar, men slik er det å drive eit samfunn.

Artikkeltags