Helse Førde tapte då tidlegare tilsett meinte ho var usakleg oppsagd. No vil dei prøve saka i lagmannsretten

ANKAR: Helse Førde meiner dei rettslege omstenda som ligg til grunn for dommen i tingretten, og at det er gjort sakshandsamingsfeil.

ANKAR: Helse Førde meiner dei rettslege omstenda som ligg til grunn for dommen i tingretten, og at det er gjort sakshandsamingsfeil. Foto:

Helseføretaket vart dømd til å betale over ein million i erstatning og sakskostnadar. No er dommen anka til Gulating lagmannsrett.

DEL

Det melder NRK Vestland.

Ein tidlegare seksjonsleiar i Helse Førde meinte at oppseiinga ho hadde fått i 2019 var usakleg. Ho tok saka til Sogn og Fjordane tingrett der ho vann på alle punkt før jul.

Retten meinte oppseiinga ikkje bygde på eit rett og faktisk grunnlag. Til Firda sa Advokat Ane Sofie Tømmerås at rettssaka hadde vore ei stor belastning for klienten hennar.

Tømmerås meiner den tidlegare seksjonsleiaren opplevde å bli møtt med stengde dører av Helse Førde. Det var difor godt for kvinna å vinne fram i retten, for då følte ho endeleg at ho blei høyrd.

Men saka er ikkje over.

No har Helse Førde anka avgjerda. NRK skriv at helseføretaket er usamd i at dei rettslege omstenda som ligg til grunn for avgjerda, og at det er gjort sakshandsamingsfeil.

Birger vann i lagmannsretten. No har motparten anka til Høgsterett

Artikkeltags