Regjeringa sier ja til gruvedrift i Vevring, Det opnar for 300  nye arbeidsplassar i Sunnfjord.
 – Det ligg store verdiar skjult i fjella våre som kan bidra til viktig verdiskaping i lokalsamfunna, seier næringsminister Monica Mæland (H) i ei pressemelding.

Regjeringa har behandla planane til Nordic Mining om å starte gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal og Askvoll. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i dag stadfesta reguleringsplanen, og Klima- og miljødepartementet har gitt utsleppsløyve til sjødeponi i Førdefjorden, går det fram av pressemeldinga.

– Treng fleire bein å stå på

– Norge treng fleire bein å stå på. Engebøprosjektet skal hente ut verdifulle mineral, som skal brukast i alt frå tannkrem til måling og som metall i fly og sportsutstyr. Engebø vil bidra til auka aktivitet og nye arbeidsplassar, seier næringsminister Monica Mæland.

Det er funne store førekomstar av rutil i Engebøfjellet. Regjeringa har sett som ein føresetnad for å kunne tillatne fjorddeponi at det marine miljøet blir vareteke på ein tilfredsstillande måte. Det er difor strenge krav til overvaking av utslepp. Overvaking og dokumentasjon skal kontrollerast av styresmaktene. Det er første gang det er stilt krav i eit utsleppsløyve om å dokumentere at sjømaten er trygg.

300 arbeidsplassar

– Engebøprosjektet er det største planlagde mineralprosjektet i Norge. Vi snakkar her om investeringar på rundt to milliardar kroner, seier Mæland.

Det kan vere nok ressursar for utvinningsverksemd i nærmare 50 år. Prosjektet vil gje eit bidrag til norsk verdiskaping på om lag 500 millionar kroner per år. Forskingsstiftinga SINTEF meiner at prosjektet kan gi 170 arbeidsplassar direkte knytt til produksjonen. Totalt kan det bety 300 arbeidsplassar i Sunnfjord-regionen og 500 på landsbasis.

Må ha konkurransedyktige bedrifter

– Skal Norge sikre framtidas arbeidsplassar og velferd må vi ha konkurransedyktige bedrifter. Mineralnæringa kan vere ein motor for økt aktivitet og fleire arbeidsplassar i distrikta, seier Mæland.

Her kan du sjå nokre av reaksjonane som er komne: