Vogntog sperra E39 mellom Byrkjelo og Sandane

DEL

Vegtrafikksentralen melde like før klokka 18.00 at E39 ved Gullkistasvingen mellom Byrkjelo og Sandane, er stengd grunna bilberging.

Men kort tid etter var vegen igjen open for fri ferdsel.

– Det var ein trailer som fekk hengaren utanfor asfaltkanten ved fjellskjeringa. Sjåføren har ikkje kontakta oss, vi veit om det etter tips frå publikum. Ein innringar vi snakka med sa at ho hadde venta i tjue minutt, seier Ketil Molvær hos Vegtrafikksentralen.

Vogntoget som stod fast skal ha komme seg derfrå for eiga maskin.

Artikkeltags