Sommeråpent kjem til Sandane

TIL SANDANE: Prosjektleiar for Sommeråpent, Anja Stabell (t.v.) og redaksjonsleiar Hanne Roaldsen på befaring hos Gloppen camping og fritidssenter.

TIL SANDANE: Prosjektleiar for Sommeråpent, Anja Stabell (t.v.) og redaksjonsleiar Hanne Roaldsen på befaring hos Gloppen camping og fritidssenter. Foto:

NRK-programmet Sommeråpent skal sende frå Gloppen camping og fritidssenter.

DEL

– Vi ønsker å spegle det gode livet på camping og dei livslange relasjonane som mange knyter. Vi vil bli kjent med campingturistane der dei er og feire samhaldet. Og kanskje slå hol på ein myte eller to om denne ferieforma, seier Hanne Roaldesen, redaksjonsleiar i NRK underholdning i ei pressemelding måndag.

I fjor følgde Sommeråpent Lars Monsen på vandring gjennom fjella, men i år er det nemleg camping som er tema for programmet. Familiar kan melde seg på for å delta på «campingleikane» og to familiar skal på kvar plass konkurrere gjennom veka.

Her er reiseruta til Sommeråpent 2019:

Veke 27: Moysand familiecamping, Fevik

Veke 28: Larkollen camping, Larkollen

Veke 29: Gloppen camping og fritidssenter, Sandane

Veke 30: Storsand gard camping, Malvik

Veke 31: Kabelvåg feriehus og camping, Kabelvåg

Veke 32: Alta strand camping & apartments, Alta



Artikkeltags