Trivselsskogen er ein av Noregs beste stiar

IMPONERT: Christine Aagård Midthjell (t.v) er styreleiar i Trivselsskogen som kan gå vidare i konkurransen om å bli Noregs beste tursti.

IMPONERT: Christine Aagård Midthjell (t.v) er styreleiar i Trivselsskogen som kan gå vidare i konkurransen om å bli Noregs beste tursti. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

GLOPPEN: Etter ei avstemming frå publikum enda Trivselsskogen opp på topp ti-lista over landets beste turstiar.

DEL

 – Det er ingen liknande prosjekt i Norge, seier styreleiar i Trivselsskogen SA Christine Aagård Midthjell.

Avstemminga som vart avslutta måndag 3. september var berre for publikum. No vil ein jury velje ein vinnar frå kvart fylke som går vidare til ein superfinale i Bergen i mars 2019, og som kvar får ein premie på 25.000 kroner. Konkurransen har sidan 2010 blitt arrangert av Gjensidigestiftelsen, i lag med alle fylkeskommunane.

– Vi håpar at juryen får komme til Trivselsskogen. Du kan ikkje oppleve den gjennom bilde og ord, den må opplevast «live», legg Midthjell til.

Tre på topp ti

På dei to siste ti på topp-plassane finn vi og turstiar frå Sogn og Fjordane: Stien Ofta–Torstein i Oftedalen i Lærdal, og Skålatårnet i Loen. Og Midthjell er ikkje overraska over at fylket har tre høgt oppe på listene på publikumsprisen.

– Eg er ganske imponert. Det viser at Sogn og Fjordane har potensial for vandring, seier ho, og legg til at Gloppen er veldig flink på å ha mange merkte turmoglegheiter.

Rangert etter stemmer frå publikum, her kan du sjå lista, og kor mange stemmer dei har fått:

  1. Madonnastien, Eggedal i Buskerud (7709)
  2. Malvikstien, Malvik i Trøndelag (6645)
  3. Dronningruta, Nordland (2338)
  4. Kyststien frå Brunlanes til Ødegården, Vestfold (1343)
  5. Trivselsskogen i Midtre Nordfjord, Sogn og Fjordane (797)
  6. Forså-Stortinden, Drangen i Troms (681)
  7. Svartstien, Namsos i Trøndelag (570)
  8. Svinvikrunden, Todalen, Møre og Romsdal (555)
  9. Ofta - Torstein, Oftedalen, Sogn og Fjordane (487)
  10. Skålatårnet, Sogn og Fjordane (445)

Dugnadsånda manglar ikkje

Bak Trivselsskogen ligg det masse hardt arbeid, og frå hausten 2016 har dei loggført over 4000 dugnadstimar. Blant andre har verksemder som Sogn og Fjordane Energi (SFE) meldt seg opp til dugnad for å snikre og plukke stein.

– Dugnadsånda er der, og det er utruleg mange som bidrar på ulike måtar. Det kjem til og med folk med kake og mat til dei som jobbar dugnad, seier Christine Aagård Midthjell.

I Trivselsskogen kan du finne kjærleiksskogen med trapper forma som hjarte, geiter som beitar, og eit utsiktspunkt ved Holvikfossen som er i søknadsprosessen.

– Det blir ei rampe som stikk fem meter rett ut i lause lufta, og skal heite Fosseteateret, seier ho.

NETTVERK AV STIAR: I skogen på Sandane har du fleire moglegheitar for turar og opplevelsar.

NETTVERK AV STIAR: I skogen på Sandane har du fleire moglegheitar for turar og opplevelsar. Foto:

Satsar på å toppe Noreg

Styreleiar Midthjell er sjølvsikker på prosjektet, og ho håpar på å bli fylkesvinnar slik at dei kan ta sigeren som beste i landet. Dei har ingen ekstra store planar om juryen kjem på besøk, men med oppsett dugnad kvar ettermiddag framover skal dei jobbe hardt vidare.

– Vi veit ikkje kva juryen legg vekt på, men vi kjem til å arbeide med å ferdigstille så masse som mogleg fram til opning neste vår, og slik at juryen får oppleve mest mogleg før kåringa i mars, seier Midthjell.

Artikkeltags