Fekk vassplaning og køyrde inn i mur

Ein bil fekk vassplaning og køyrde i grøfta og inn i ein mur natt til laurdag.

DEL

Det var tre personar i bilen. Dei kom seg ut ved eiga hjelp og vart frakta til legesenteret for kontroll, melde Vest politidistrikt på Twitter like før klokka 02 natt til laurdag.

Utforkøyringa skjedde på Sandane.

Det var bilførar som sjølv melde om hendinga, opplyser operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt.

To av personane i bilen fortalde at dei hadde vondt i ryggen.

Det var store materielle skadar på bilen.

Les også:

Artikkeltags