Ein bil køyrde i fjellveggen på E39

Sjåføren kom uskadd frå hendinga, opplyser politiet.

DEL

Like over klokka 07.00 måndag morgon fekk Vest politidistrikt melding om ei trafikkulukke i Prestesvingane på E39 ved Sandane.

Ein bil køyrde i fjellveggen, men føraren, ein ung mann, sa sjøv til politiet at han var uskadd. Det skal ha vore glatt på vegen då ulukka skjedde.

Operasjonsleiar Steinar Haugsvik i Vest politidistrikt opplyste at det var mogleg å passere i eitt køyrefelt, men at det var kø på staden som følgje av ulukka.

Alle naudetatane var på plass 07.45 og bilen vart flytta ut av vegen. Førar vart køyrd til legevakt i Gloppen for sjekk.

Kor store materielle skadar bilen har fått kjenner ikkje operasjonsleiaren til, men bilen er ikkje køyrbar. Bilbergar er bestilt og på veg for å hente køyretøyet.

Det glatte føret skal ha vore medverkande årsakt til ulukka, opplyser Haugsvik.

Bilen var henta like før klokka 08.30.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags