Gå til sidens hovedinnhold

Trailer med fisk velta

Artikkelen er over 3 år gammel

TRAFIKK: Fylkesveg 60 stengt grunna bilberging.

Rett føre midnatt til onsdag velta eit vogntog med frosenfisk på fylkesveg 60 på Utvikfjellet.

Vegen er stengt ved Karistova bom frå klokka 11.05 til 14.00. Vegen blir open for å sleppe gjenn om trafikk mellom klokka 14.00 og 14.15.

Deretter er vegen stengt frå klokka 14.15 til 16.15.

Det melder Vegtrafikksentralen Vest.

Velta rundt

Traileren var på veg oppover Utvikfjellet frå nord, då den møtte ein bil i ein skarp venstresving omtrent ein kilometer føre skisenteret på toppen av fjellet.

– Det kan sjå ut til at traileren har halde så godt til høgre at han har komme på yttersida av vegen, og dermed velta rundt, seier politibetjent Kjell Bolsø til Firda på ulykkestaden rett etter midnatt.

Fylkesveg 60 blei stengt like etter uhellet. Klokka 01.57 på natta opna vegen igjen for trafikk, seier trafikkoperatør Ketil Molvær onsdag morgon.

– Traileren ligg der enno. Det vil komme bilberging i løp av dagen. Vogntoget var lasta med laks, så det må fjernast også.

Stengt veg

Heile traileren har velta på høgresida av vegen. Alle naudetatane rykka ut til ulykka, melde Vest Politidistrikt rett føre midnatt.

– Føraren er sendt til helsesjekk etter uhellet. Men farta var veldig låg då uhellet skjedde, seier Gisle Nordvik som assisterte Kjell Bolsø frå politiet si side. Dei er begge tilsett ved Førde og Naustdal lensmannskontor, og rykka ut frå Førde då dei fekk melding om ulykka.

Stryn brannvesen og ambulanse rykka også ut til ulykka.

Over 40 tonn

Køyretøyet var norskregistrert, og ifølge politiet var traileren lasta med frosen fisk.

– Totalt har køyretøyet ei vekt på omtrent 40 tonn, og 18 av desse tonna er frosen fisk. Så her får mannskapet frå bilbergings-selskapet ei stor utfordring. Både med tanke på lasta og når traileren skal tilbake på vegen. Så då må vi sikkert rekne med at vegen vil vere stengt, seier Bolsø til Firda rett føre klokka 01.00 natt til onsdag.

Kommentarer til denne saken