Folketalet har stige i alle fylka bortsett frå Sogn og Fjordane

VEKST: Solund kommune har hatt vekst i folketalet to år på rad.

VEKST: Solund kommune har hatt vekst i folketalet to år på rad. Foto:

FOLKETAL: Landet har hatt den svakaste folkeveksten sidan 2005. Folketalet vaks i alle fylka utanom i Sogn og Fjordane.

DEL

Fredag morgon kom Statistisk sentralbyrå med folketala for 2018. Tala viser at folketalet i landet nærmar seg 5,3 millionar, med ein vekst på 37.300 frå i fjor. Dette er den svakaste veksten sidan 2005. Den svake folkeveksten heng mellom anna saman med meir moderat vekst i talet utanlandske statsborgarar, som i 2017 berre vaks med 8500, mot 21.000 året før.

Dei fleste kommunane i fylket har nedgang

Folketalet vaks i alle fylka utanom i Sogn og Fjordane. Her er tala omtrent uendra frå 1. januar 2017 til 1. januar 2018. Folketalet i fylket var 110.266 i 2017, og er i år 110.230. Folketalet har altså berre gått ned med 36 personar.

Størst vekst i 2017 hadde Akershus, Vest-Agder og Oslo.

Sjå tal for kvar av kommunane i tabellen nedst i saka.

Dei fleste kommunane i Sogn og Fjordane har hatt nedgang i folketalet frå i fjor til i år. Den største nedgangen har Hyllestad hatt med 4,2 prosent. Solund og Gloppen har hatt den største oppgangen med 1,6 prosent.

Solund, Leikanger, Sogndal, Luster, Gaular, Førde, Eid og Gloppen er kommunane med vekst.

– Eg håpar veksten held fram

Ordførar i Solund kommune, Gunn Åmdal Mongstad (Sp), synest det er veldig kjekt med oppgangen i kommunen, og håpar veksten vil fortsette i åra framover.

POSITIV UTVIKLING: Gunn Åmdal Mongstad (Sp) er velding fornøgd med utviklinga i folketalet, og håpar den vil fortsette.

POSITIV UTVIKLING: Gunn Åmdal Mongstad (Sp) er velding fornøgd med utviklinga i folketalet, og håpar den vil fortsette. Foto:

– Det er veldig positivt. Folketalet kan svinge, men no ser vi heilt klart ein positiv trend, med det andre året med vekst. Vi er ikkje fleire enn vi må vere, så derfor er vekst veldig viktig, seier ho.

Ordførar Mongstad er godt fornøgd med at kommunen nok ein gong kan skilte med over 800 innbyggarar. Ho trur grunnen til veksten er blanda.

– Vi registrerer at vi har flyktningar som blir tatt godt i mot og som blir verande. Vi har blitt meir like verda rundt oss og veldig fleirkulturelle dei siste 10-15 åra.

Flinke å rekruttere

– I tillegg ser vi at fleire ungdommar i etableringsfasen vel å busette seg i Solund. Vi har eit nytt byggefelt og bedriftene er også flinke til å rekruttere ungdom.

Mongstad legg ikkje skjul på at fråflytting har vore eit problem for Solund. No ser ho derimot lys i enden av tunnelen.

– I år er det ein rekordandel av ungdommar frå Solund som pendlar til Austerheim vidaregåande med båt. Det trur eg gjer at det er større sjanse for at fleire blir verande på Solund i framtida. Vi har også lokale karrieremesse der næringslivet blir kjent med ungdommane. Eg trur det er viktig at ungdommen blir kjend med næringslivet og veit kva moglegheiter som finnast.

Sogn og Fjordane 110 266 110 230 0,0
Flora 11 999 11 988 -0,1
Gulen 2 371 2 345 -1,1
Solund 794 807 1,6
Hyllestad 1 438 1 378 -4,2
Høyanger 4 190 4 154 -0,9
Vik 2 722 2 674 -1,8
Balestrand 1 288 1 262 -2,0
Leikanger 2 332 2 345 0,6
Sogndal 7 941 8 059 1,5
Aurland 1 787 1 778 -0,5
Lærdal 2 159 2 153 -0,3
Årdal 5 363 5 277 -1,6
Luster 5 151 5 223 1,4
Askvoll 3 065 3 052 -0,4
Fjaler 2 862 2 846 -0,6
Gaular 2 966 3 006 1,3
Jølster 3 049 3 043 -0,2
Førde 13 009 13 089 0,6
Naustdal 2 848 2 825 -0,8
Bremanger 3 847 3 767 -2,1
Vågsøy 6 031 6 001 -0,5
Selje 2 791 2 757 -1,2
Eid 6 064 6 157 1,5
Hornindal 1 198 1 175 -1,9
Gloppen 5 783 5 874 1,6
Stryn 7 218 7 195 -0,3

Artikkeltags