Firda vgs. får halde fram med klimafag

FIRDA: Elevane på Firda vidaregåande skule får halde fram med klima- og miljøfag

FIRDA: Elevane på Firda vidaregåande skule får halde fram med klima- og miljøfag Foto:

Forsøket verkar å vere av interesse for lokalt næringsliv og kommunal sektor, meiner kunnskapsministeren.

DEL

– Eg er veldig glad for det raske og positive svaret frå kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner. Dette gir skulen og elevane ei stadfesting på at fagtilbodet får halde fram også kommande skuleår.

Det seier stortingsrepresentant Frida Melvær i ei pressemelding.

Gjennomført forsøk

Klima- og miljøfag er nye programfag for vidaregåande skule. Firda vidaregåande skule i Gloppen har utarbeidd læreplanar for dei to faga og har dei tre siste åra gjennomført forsøk med dei nye læreplanane.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har søkt om godkjenning av læreplanane slik at alle skular i Noreg etter kvart kan tilby desse faga.

Dette er ein prosess som kan ta noko tid og ei eventuell godkjenning kan ikkje bli klar til skulestart skuleåret 2019/2020.

Av den grunn er det sendt søknad om å få forlengd forsøksperioden med eitt år slik at elevane ved Firda vidaregåande skule kan få tilbod om dette faget også kommande skuleår.

Melvær, som sjølv har vore elev på Firda vgs., sende eit skriftleg spørsmål til kunnskaps- og integreringsministeren om korleis han stiller seg til søknaden frå Sogn og Fjordane om ei forlenging av forsøksperioden.

Interessant for næringslivet

I svarbrev skriv Sanner at han stiller seg positiv til søknaden frå skulen om å forlengje forsøket. Utdanningsdirektoratet sender tysdag si avgjerd om at forsøket på Firda vgs. får ei forlenging ut skuleåret 2020/2021.

– Skulen fortel at dei har hatt gode erfaringar med forsøket, og at det har vore veldig meiningsfullt og engasjerande for elevane å jobbe med, skriv ministeren i svarbrevet til Melvær.

Han meiner at forsøket er interessant fordi klima- og miljøfaget vil kunne samle dagsaktuelle og framtidsretta tema i eitt og same fag på ein ny måte.

– Forsøket verkar i tillegg å vere av interesse for lokalt næringsliv og i kommunal sektor.

Artikkeltags