Firda vgs. vann Dronning Sonjas skulepris

FÅR ROS: Firda Vidaregåande skule på Sandane får Dronnings Sonjas skulepris.

FÅR ROS: Firda Vidaregåande skule på Sandane får Dronnings Sonjas skulepris. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

GLOPPEN: Klokka 12 i dag vart det klart. Firda Vidaregåande skule har vunne Dronning Sonjas skulepris.

DEL

Juryen var samrøystes om at Frida vidaregåande skule på Sandane er vinnar av Dronning Sonjas skulepris for likeverd og inkludering 2017.

– Firda vidaregåande skule skil seg ut med ei gjennomtenkt tilnærming til inkludering og relasjonsbygging gjennom sitt langvarige arbeid for å sjå heilskapen rundt elevane, seier juryleiar Inga Bostad, direktør ved Norsk senter for menneskerettar i ei pressemelding frå Udanningsdirektoratet.

Meir enn ein skule

Juryen har merka seg slagordet «Meir enn ein skule», og meiner at Firda vidaregåande skule ser kvardagen til elevane i ein større samanheng, og arbeider for dialog som grunnleggande verdi i alt arbeid.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har også sendt ut pressemelding. Der skriv dei at rektor Hallgeir Hansen er glad for prisen og at han set stor pris på at juryen har sett arbeidet som blir gjort ved skulen.

– Vi har mange tilsette som dagleg strekker seg langt for at enkeltelevar skal kjenne seg sett og tekne vare på. Dei tilsette har eit sterkt elevengasjement og eit sterkt ønske om at ungdommane våre skal nå måla sine. Samstundes har vi positive elevar, som er lette å samarbeide med og som er aktive i å bygge eit ope og godt skulemiljø. Dette er ikkje minst ein pris til elevane, seier han.

Nytenking

I grunngjevinga for prisen framhevar juryen «Gloppen-modellen». Firda vidaregåande skule har tenkt nytt og utvikla eit utdanningstilbod i helsefag for vaksne, minoritetsspråklege, saman med Nav og Gloppen kommune. Utdanninga fremmar språkopplæring, integrering og meistring gjennom praksis og er blitt lagt merke til langt utanfor Gloppen.

Fylkesdirektøren for opplæring i Sogn og Fjordane er også tilfreds med juryen si avgjerd.

– Det er flott at juryen har lagt merke til alt det gode arbeidet som blir gjort ved Firda vidaregåande skule. Dette er ein pris til både elevar og tilsette. Eg håpar prisen vil inspirere og motivere alle elevar og dei som arbeider med vidaregåande opplæring i fylket, seier Bekka Skaasheim.

Dronningbesøk i november

Prisen skal overrekkast av dronninga sjølv under eit arrangement på skulen 28. november.

Prisen er på 250.000 kr, eit diplom og eit kunstverk forma ut av Dronning Sonja.

Artikkeltags