Søndag avliva dei denne jerven

TOK DENNE: Jerve-tispe utan ungar avliva av Statens naturoppsyn (SNO) i området ved Blåfjellet/ Strandaskaret/ Mosvassdalen i Gloppen kommune.

TOK DENNE: Jerve-tispe utan ungar avliva av Statens naturoppsyn (SNO) i området ved Blåfjellet/ Strandaskaret/ Mosvassdalen i Gloppen kommune. Foto:

GLOPPEN: Statens naturoppsyn har avliva jerv ved Strandaskaret.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Søndag fann dei jerven i området Strandaskaret/ Mosvassdalen i Gloppen. Rovviltansvarleg for Sogn og Fjordane, Rein-Arne Golf var i helikopter og fann jerven ved hjelp av lokale folk på bakken.

– Det var harde snøforhold i området, så vi såg ikkje spor. Men dei på bakken såg jerven, seier Golf.

Les også: Helikopterjakt etter jerv i Sunnfjord-fjella

Fann spor etter stort rovdyr like ved turisthytte

Skal ta DNA-prøve

Først måtte dei bedøve jerven, for å sjekke om den hadde ungar. Dersom den hadde hatt ungar, kunne dei ikkje avliva jerven før dei visste kor ungane var.

Dette var ei tispe utan ungar, så dei kunne avlive den på staden.

– No tar vi DNA-prøve av den for å samanlikne med andre prøvar vi har tatt. Så vil det vise seg om dette er jerven som har laga spor i det siste. Vi har ingen observasjonar av spor som kan tyde på at det er fleire jervar her. Men kan ikkje vere sikre, seier Golf.

Ekstraordinært uttak av jerv

Miljødirektoratet har vedtatt eit såkalla ekstraordinært uttak av jerv for Statens naturoppsyn.

– Vi har visst at det har vore ein jerv her ei stund, som kan utgjere fare for beitedyr. Det er difor dei fatta vedtak, seier han.

Jerven vog 11 kg, som er normalt for ei tispe utan ungar. Golf fortel at det har blitt gjort uttak av jerv kvart år dei siste åra i fylket.

Artikkeltags