Køyrer redningsøving – stengjer hovedveg

Artikkelen er over 3 år gammel

Mykje blålysaktivitet på vegane? Politi, brann og ambulanse-personell øver måndag.

DEL

Politiet i Sogn og Fjordane melder måndag på Twitter at naudetatane denne veka vil foreta utrykningskøyring langs rv. 15 og E39 i Nordfjord i tidsrommet mellom 08.00 og 21.30.

Måndag kveld vil det også vere ekstra blålysaktivitet i Gloppen.

Her skal brann, ambulanse og politi foreta ei redningsøving på fv. 700 ved Vereide mellom klokka 17.00 og 19.30.

Andre aktørar vil også delta, meldet politiet.

Øvinga vil føre til at hovedvegen mellom Sande og Vereide vil bli stengt i dette tidsrommet.

Artikkeltags