Brukte identiteten til kameraten. Må sone 60 dagar i fengsel

DOM: Ein oslomann utan førarkort vart teken i fartskontroll i ei 50-sone. Då han vart stogga av politiet, gav han dei namnet og fødselsnummeret til kameraten som vart sikta for lovbrotet.

DEL

Det var hausten 2017 at oslomannen som då var i slutten av tjueåra vart stogga i ein fartskontroll i Gloppen kommune. Farten vart mål til 86 km/t i ei 50-sone.

Sa seg skuldig

Då mannen møtte i Sogn og Fjordane tingrett nyleg, tilstod han forholda utan atterhald og sa seg skuldig etter tiltalen.

Domsfelte sonar for tida ein annan dom i Oslo tingrett, der han også er dømd for å ha brukt identiteten til kameraten som av den grunn fekk problem og mellom anna mista førarkortet ein periode.

Fast og vedvarande forsett

Tilståingsdommen i Sogn og Fjordane tingrett, på 60 dagar utan vilkår, kjem i tillegg til straffa frå Oslo tingrett.

«Siktede har utvist et fast og vedvarende forsett der han oppgir kameratens navn når han er i kontakt med politiet», skriv retten.

Og slår fast at både allmennpreventive og individualpreventive omsyn gjer at det må reagerast sterkt. 

Artikkeltags