Tilbyr 22 traineestillingar

Framtidsfylket tilbyr 22 nye traineestillingar neste år. Her er årets traineear samla.

Framtidsfylket tilbyr 22 nye traineestillingar neste år. Her er årets traineear samla. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Mange jobbmoglegheiter i traineeordninga til Framtidsfylket.

DEL

No tilbyr «Framtidsfylket» 22 traineestillingar i 16 bedrifter.

– Denne gongen er det 22 spennande stillingar, og fagområda spenner frå internasjonalisering og kommunikasjon til etnologi og finans, seier dagleg leiar i Framtidsfylket, Gro Rukan, i ei pressemelding frå Framtidsfylket.

Dei 22 traineestillingane finn du her

Framtidsfylket er ei bedrift eigd av næringslivet i Sogn og Fjordane. Målet deira er å vise fram arbeidsplassane i fylket, og å vere ei rekrutterings- og kommunikasjonsplattform.

1000 søkarar dei tre siste åra

Det er det femtande året at Framtidsfylket tilbyr traineestillingar. Fylkeskommunen, fylkesmannen og Lotteri- og stiftelsestilsynet har i fleire år vore blant arbeidsgivarane. Av dei 16 bedriftene som tilbyr stillingar denne gongen, er Tibber, Gloppen kommune og Credicare heilt nye. Og det er første gongen ein kommunal arbeidsgivar er med på ordninga.

Framtidsfylket tilbyr Norges største traineeprogram, og dei siste tre åra har dei motteke over 1000 søknadar. Årets kull på 27 traineear består av folk frå både Hedmark, Møre og Romsdal, Rogaland, Hordaland, Trøndelag, Akershus, Sogn og Fjordane og Tyskland.

– Attraktivt for nyutdanna

– Traineeordninga er ein unik inngangsport til arbeidslivet, og difor svært attraktivt for nyutdanna. Dei kjem inn i eit program med ei skreddarsydd stilling, og dei får eit nettverk frå dag éin. At ein lyser ut mange stillingar samtidig, gjer òg at bedriftene får søkarar som normalt ikkje ville oppdage deira stillingsutlysingar. Det er ein klar fordel, seier Rukan i pressemeldinga.

Søknadsfristen denne gongen er 1. mars.

Artikkeltags