Sa seg ikkje skuldig i å ha øydelagt kulturminne

SYNFARING: Retten var på synfaring i området tysdag. Hole er tiltalt for graving i området inntil husveggen.

SYNFARING: Retten var på synfaring i området tysdag. Hole er tiltalt for graving i området inntil husveggen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE/GLOPPEN: – Viss eg har øydelagt noko, var det i 1980 då vi sette opp bygget, ikkje no. Det sa Bjarne Hole i retten.

DEL

Tysdag møtte Bjarne Hole frå Byrkjelo i Fjordane tingrett. Han er tiltalt for å ha brote kulturminnelova ved å gjere inngrep i sikringssona til eit automatisk freda kulturminne.

– Eg erkjenner ikkje straffskuld, sa Hole i retten.

Det er kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune som har meldt Hole til politiet. I mai og juni 2015 oppdaga dei at Hole hadde sett i gang graving i området langs husveggen ved Hole Traktor og Maskin.

HELD FRAM ONSDAG: Cathrine Schjelderup er aktor og Edmund Bolstad er forsvarar i saka.

HELD FRAM ONSDAG: Cathrine Schjelderup er aktor og Edmund Bolstad er forsvarar i saka. Foto:

I området er det funne spor etter busetnad frå år 200–400 e. Kr. På grunnlag av det melde fylkeskommunen Hole til politiet for graving i det automatisk freda kulturminnet og den tilhøyrande sikringssona. Ifølge tiltalen er kulturminnet delvis øydelagt av gravinga.

Les meir om bakgrunnen for saka: Tiltalt for å ha øydelagt 2000 år gammalt kulturminne

– Grov same plass i 1979

Det starta i 2012 då Hole ville utvide traktorverkstaden han eig og driv like ovanfor Byrkjelo. Arkeologar gjorde registrering og fann spor etter busetnad frå eldre mellomalder.

Også i 2014 blei Hole meld til politiet av fylkeskommunen, då for å ha grave på baksida av bygget. Han godtok og betalte førelegget den gongen, men sa fleire gongar i retten at han angra på at han godtok førelegget.

– Hadde eg visst det eg veit i dag, så hadde eg ikkje gjort det.

Området striden står om no, ligg langs husveggen på verkstadbygningen.

– Har eg skada noko, så har eg gjort det i 1980, ikkje i dag, sa Hole i retten.

USEMJE: Bjarne Hole er tiltalt for å ha grave i område som er automatisk freda etter det vart funne spor etter busetnad her. Området det gjeld er mellom husveggen og skråninga.

USEMJE: Bjarne Hole er tiltalt for å ha grave i område som er automatisk freda etter det vart funne spor etter busetnad her. Området det gjeld er mellom husveggen og skråninga. Foto:

Han og forsvarar Edmund Bolstad peika på at området som Hole no er tiltalt for å ha grave i, vart omvelta då bygget vart ført opp i 1979–1980.

– Då bygget vart sett opp, vart det grave 4–5 meter utfor bygget. Då stod gravemaskina på eit platå for å grave ut tomta. Så blei det fylt masse tilbake, sa Hole mellom anna i si forklaring.

Retten på synfaring

Tysdag var retten på synfaring på staden, der Berit Gjerland, sakshandsamar i fylkeskommunen, og Eva Moberg, fylkeskonservator, vitna. Under synfaringa forklarte Gjerland at dei i 2014 såg at det var intakte jordmassar som ikkje var forstyrra av oppsettinga av bygget.

Fylkeskommunen hevdar at Hole har grave sjakta ved husveggen utover mellom 2014 og 2015, og at han har gjort eit inngrep i eit område med freda kulturminne og i sikringssona rundt, som er ulovleg.

Hole på den andre sida hevdar han berre har grave nedover.

– Det har forsvunne masse, men det er ikkje eg som har grave det ut. Det har rasa ut, det har naturen sjølv styrt med. Eg har reinska, men ikkje grave i skråninga. Det har eg inga interesse av, sa Hole.

Han peika på at gravinga han har gjort, har vore for å berge verdiane i eigedommen, fordi det kom vatn opp golvet inne i bygningen.

– Vi var redde for at det skulle tette dreneringa som går rundt heile bygget. Handlinga var for å avgrense skaden, sa Hole mellom anna.

Han sa også:

– Eg grov ikkje for å provosere nokon eller for å få ei ny bot.

Var ikkje på staden sjølv

Forsvarar Bolstad gjorde eit poeng av at representantar frå fylkeskommunen ikkje var på staden sjølv i samband med politimeldinga i 2015. Gjerland svarte at ho hadde vore på staden fleire gongar tidlegare, og at dei gjennom bilde tatt av Gloppen kommune kunne slå fast at det var gjort ulovlege inngrep.

På spørsmål frå forsvarar om kva skade som er skjedd som konsekvens av gravinga, svarte fylkeskonservator Moberg slik:

– Han har gått inn i sikringssona og lokaliteten. Det er fjerna spor etter busetnaden frå eldre jernalder. Dei spora er vekke for alltid.

– Ikkje aktuelt

Saka har ei strafferamme på inntil eitt år. På spørsmål frå forsvarar om korleis 60 dagar i fengsel eventuelt vil påverke han svarte Hole slik:

– Det ser eg på som ikkje aktuelt. Eg er så sikker i mi sak at den problematikken får vi ta når den kjem. Eg er sikker på at eg ikkje har gjort det eg er tiltalt for.

Straffesaka held fram i Fjordane tingrett onsdag. Verken Bjarne Hole, forsvarar Edmund Bolstad eller aktor Cathrine Schjelderup ville kommentere saka til Firda tysdag.

Les også: Slepp unna med halvt lovbrotsgebyr

Les meir om saka: Venta ikkje på løyve og Fylkeskultursjefen opphevar byggjestopp på traktorverkstad

Artikkeltags