– Det er alltid alvorlig når ein avdekkar feil som kan utgjere ein risiko for tryggleiken.

Dei nye båtane til 20 millionar som er bygd av Br. Aa og som trafikerer Nordlandskysten, har uventa fått store motorproblem, melder NRK.

Dei nye båtane til 20 millionar som er bygd av Br. Aa og som trafikerer Nordlandskysten, har uventa fått store motorproblem, melder NRK. Foto:

Båtar frå Brødrene Aa tekne ut av drift.

DEL

To nybygde hurtigbåtar frå Brødrene Aa i Hyen er tekne ut av drift og blei nyleg beordra til kai i Bodø.

Det melder NRK Nordland.

Dei to nye hurtigbåtane «Regine Normann» og «Elsa Laula Renberg» blei levert i mars i år og går i stamruter langs Nordlandskysten.

No er begge tekne ut av drift. Det skjedde etter at alle fire vannjetene på «Regine Normann» plutseleg kopla seg ut.

Sidan reiarlaget ikkje veit årsaka til dette, har dei også tatt ut søsterskipet «Elsa Laula Renberg»

Jaktar på feilen

Det blir no jobba med å finne årsaka til hendinga. Servicepersonell frå leverandøren Rolls-Royce og klasseselskapet DNV GL er i Bodø for å finne feilen.

Det er selskapet Boreal Sjø AS som driftar dei to nye hurtigbåtane på oppdrag for Nordland fylkeskommune. Selskapet ser alvorleg på saka.

Sjøfartsdirektoratet er orientert om saka.

– Det er alltid alvorleg når ein avdekker feil som kan utgjere ein risiko for tryggleiken, seier kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet til NRK.

Artikkeltags