Ber om at Bjarne Hole skal straffast med fengsel i 60 dagar for graving i freda kulturminneområde

PÅ STADEN: Aktor la ned påstand om 60 dagar fengsel utan vilkår for Bjarne Hole. Her frå synfaring med retten tysdag. Fremst Berit Gjerland, arkeolog og sakshandsamar i fylkeskommunen. Bak meddommar Tor Erik Liset, Kristine Sande og fagdommar Kamilla Hessevik Paulsen.

PÅ STADEN: Aktor la ned påstand om 60 dagar fengsel utan vilkår for Bjarne Hole. Her frå synfaring med retten tysdag. Fremst Berit Gjerland, arkeolog og sakshandsamar i fylkeskommunen. Bak meddommar Tor Erik Liset, Kristine Sande og fagdommar Kamilla Hessevik Paulsen. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE/GLOPPEN: Aktor meiner Bjarne Hole har brote kulturminnelova og vil fengsle han. Forsvararen ber derimot om full frifinning fordi han meiner kulturminnet ikkje eksisterer.

DEL

Onsdag heldt rettssaka mot Bjarne Hole fram i Fjordane tingrett. Hole er tiltalt for å ha brote kulturminnelova ved å grave i eit område ved verkstadbygningen ved Hole Traktor og Maskin, som er i eit automatisk freda kulturminne.

I løpet av dei to dagane i retten har fire tilsette i kulturavdelinga til fylkeskommunen vitna, samt at retten tysdag var på synfaring på staden.

Etter bevisgjennomgangen onsdag la aktor Cathrine Schjelderup fram påstand om at Hole skal fengslast i 60 dagar og betale sakskostnadar etter retten sitt skjønn for brot på kulturminnelova.

– Frå påtalemyndigheita sin ståstad er det innlysande at Bjarne Hole har sett i gong gravearbeid slik det står i tiltalen. Det bygger på forklaring frå tiltalte der han har erkjent graving i sikringssona, og vitneforklaringar frå dei tre arkeologane som er klare på at han har grave, sa Schjelderup til retten i si prosedyre.

BER OM FENGSEL: Cathrine Schjelderup er aktor i saka. Ho bad onsdag om fengsling som straff i saka mot Bjarne Hole.

BER OM FENGSEL: Cathrine Schjelderup er aktor i saka. Ho bad onsdag om fengsling som straff i saka mot Bjarne Hole. Foto:

Les meir om bakgrunnen for saka: Tiltalt for å ha øydelagt 2000 år gammalt kulturminne

Ho la vekt på at fylkeskommunen, som melde Hole til politiet for gravinga, har vore positive i saka. Hole hevda i si forklaring at han berre har fjerna massar som har rasa ut naturleg, og at det var naudsynte tiltak for å berge verdiar i eigedommen. Aktor meinte at Hole hadde andre alternativ enn å handle slik han gjorde.

– Den tiltalte var klar over, og var gjort ettertrykkeleg merksam på, at dersom han skulle gjere noko i området, måtte han ta kontakt med fylkeskommunen. Den tiltalte valte å ta grep, utan å ta kontakt med fylkeskommunen.

Schelderup peika også på at Hole kunne ha betalt for arkeologisk utgraving slik at området blei frigitt.

Godtok bot ein månad tidlegare

Hole hevda i si forklaring at skade han har gjort, har skjedd då han sette opp bygget i 1980. Det er ikkje aktor einig i.

GRAVING: Bjarne Hole er tiltalt for å ha grave i området inntil husveggen. Forsvarar Edmund Bolstad la onsdag ned påstand om at kulturminnet er ikkje-eksisterande fordi området blei endevendt då bygget blei sett opp i 1980.

GRAVING: Bjarne Hole er tiltalt for å ha grave i området inntil husveggen. Forsvarar Edmund Bolstad la onsdag ned påstand om at kulturminnet er ikkje-eksisterande fordi området blei endevendt då bygget blei sett opp i 1980. Foto:

– Vi har høyrt frå tre arkeologar i retten som forklarer at det er fullt mogleg å gjere slik skade sjølv om det er gjort inngrep i området tidlegare. Det kan likevel vere kulturminne av verdi der. Det vil vi ikkje få vite all den tid massen er tatt vekk frå tomta, sa Schjelderup til retten.

Ber om at Hole blir frikjent

Bjarne Hole sin forsvarar, Edmund Bolstad, la på si side ned påstand om at Hole må frikjennast.

– Tiltalte sitt utgangspunkt er at han ikkje har gjort noko som har konsekvens for kulturminnet. Difor erkjente han seg ikkje skuldig. Utgangspunktet hans er at i 1980 blei området fem meter ut frå bygget endevendt. Allereie då øydela han kulturminnet, slik at det ikkje var interessant å leite etter kulturminne der i dag. Det har vi ingen motbevis for verken frå staten eller fylkeskommunen. Det har heller ikkje vore gjort forsøk på å vise kor stor ei byggegrop er, sa Bolstad til retten i si prosedyre.

BER OM FRIFINNING: Forsvarar Edmund Bolstad ber om at retten frikjenner Bjarne Hole.

BER OM FRIFINNING: Forsvarar Edmund Bolstad ber om at retten frikjenner Bjarne Hole. Foto:

Aktor meiner det er bevist utover all rimeleg tvil at det er funne automatisk freda kulturminne på hans eigedom, og at Hole har grave her sjølv om han visste om dette. Forsvararen meiner derimot at det er snakk om ei feilregistrering, at området blei øydelagt då det blei endevendt under bygginga i 1979–1980.

– Eg meiner faktum i vår sak er klart. Det ligg ikkje bevis for at han faktisk har skadd eit konkret kulturminne. Det einaste han har gjort er å grave i ein feilregistrert lokalitet. Påstanden min er han tiltalte blir frifunnen, sa Bolstad.

Skjerpande at han var bøtelagt frå før

Både aktor og forsvarar viste til tidlegare dommar i liknande saker. Schjelderup viste blant anna til ein dom frå Gulating lagmannsrett frå 2009 der ein mann blei dømt til fengsel på vilkår og bot på 60.000 kroner for å ha brote kulturminnelova. Der var mannen dømt for liknande forhold i 2004.

I straffeutmålinga la Schjelderup vekt på at Hole tidlegare er straffa for liknande forhold. Ein månad før han grov på nytt, godtok Hole ei bot på 30.000 kroner for graving i kulturminne-området på baksida av bygget.

– Det som skal leggast vekt på i formildande retning er at saka er nesten to år gammal. Men så meiner påtalemyndigheita at det er straffeskjerpande at han vedtar ei bot for same forhold, før han gjer akkurat det same på nytt ein månad etter.

SAKA: Saka starta med at Bjarne Hole ville utvide verksemda si ovanfor Byrkjelo. No er han tiltalt for å grave i området mellom skråninga og husveggen, og dermed for å ha brote kulturminnelova.

SAKA: Saka starta med at Bjarne Hole ville utvide verksemda si ovanfor Byrkjelo. No er han tiltalt for å grave i området mellom skråninga og husveggen, og dermed for å ha brote kulturminnelova. Foto:

Bolstad er heilt ueinig i aktor sin påstand.

– Å komme med påstand om 60 dagar i fengsel på grunn av utrasing av masse på ein halv meter, det verkar heilt meiningslaust, sa Bolstad.

Han viste til ei lovendring frå år 2000, der det blei opna for at retten kan overprøve ei avgjersle om automatisk freda kulturminne dersom det er meir enn 50 prosent sannsyn for at kulturminnet ikkje var automatisk freda.

– Eg er hundre prosent sikker på at vi her har med ei feilregistrering å gjere. Det seier seg sjølv at når du rotar i terrenget, så øydelegg du. Her var det øydelagt, sa Bolstad i si prosedyre.

No skal fagdommar Kamilla Hessevik Paulsen, og meddommarane Tor Erik Liset og Kristine Sande gi sin dom. Den er venta å komme måndag 22. mai.

Les også om første dag i retten: Sa seg ikkje skuldig i å ha øydelagt kulturminne

Les meir om saka: Venta ikkje på løyveFylkeskultursjefen opphevar byggjestopp på traktorverkstad, og Slepp unna med halvt lovbrotsgebyr

Artikkeltags