Gjer sentrum meir barnevennleg

SNORKLIPP: Ordførar Magni Aa Berge opna leikeplassen I  Sandane sentrum saman med niåringane Hannah Midtkandal og Sebastian Eikenes.

SNORKLIPP: Ordførar Magni Aa Berge opna leikeplassen I Sandane sentrum saman med niåringane Hannah Midtkandal og Sebastian Eikenes. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

GLOPPEN: Borna har ønskt seg ein leikeplass i Sandane sentrum. No har dei fått det.

DEL

– Kjempeflott, strålte niåringane Hannah Midtkandal og Sebastian Eikenes etter å ha vore med på å opna den nye leikeplassen onsdag.

Dei gav nok fart i dissa til at ordførar Magni Aa Berge kom høgt nok til å klippe snora.

Betre for borna

Og ordføraren smilte minst like breitt som borna etter å ha klipt snora.

– Dette skal bidra til å gjere Sandane til ein betre plass for borna, seier Aa Berge.

Demontert til hausten

Prisen er i overkant av 200.000 kroner, og leikeplassen er i denne omgang mellombels.

– Den skal vere her i sommar, men når sommaren er over blir den demontert, seier Aa Berge.

Men det er klart at den er tilbake sentrum neste sommar, nøyaktig kvar er enno ikkje avklart.

– Mesteparten av kostnadene er knytt til utstyret. Det eig vi, og det kan monterast opp på nytt ved behov, seier Aa Berge.

Artikkeltags