Jordbruket skapar verdiar for 956 millionar i Sogn og Fjordane

ARBEIDSPLASSAR: – Landbruket bidreg også med andre verdiar for samfunnet gjennom å forvalte store arealressursar, i tillegg til å skape arbeidsplassar i næringsmiddelindustrien, seier Cecilie Bjørlo i Landbruksråd Vestland.

ARBEIDSPLASSAR: – Landbruket bidreg også med andre verdiar for samfunnet gjennom å forvalte store arealressursar, i tillegg til å skape arbeidsplassar i næringsmiddelindustrien, seier Cecilie Bjørlo i Landbruksråd Vestland. Foto:

Høgst verdiskaping finn ein i Gloppen.

DEL

- I tillegg til å produsere mat sørger landbruket for kulturlandskapspleie, levande bygder og gode bumiljø.

Det seier Cecilie Bjørlo, leiar for Landbruksråd Vestland i ei pressemelding.

NIBIO og Østlandsforskning har på oppdrag for landbruksrådet utarbeidd ein rapport om verdiskaping og landbruksbasert verksemd for alle kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane.

– I samband med samanslåinga ønskte vi oppdatert kunnskapsgrunnlag om landbruket i dei to fylka, fortel Bjørlo.

Der kjem det fram at den totale verdiskapinga for jorbruket i dei to fylka, bruttoproduktet, er rekna til 1,8 milliardar for 2016. 844 millionar kroner frå Hordaland og 956 millionar kroner frå Sogn og Fjordane.

I Sogn og Fjordane er det Gloppen som har høgast verdiskaping med kr 116 mill. kroner. Deretter følgjer Stryn (99 mill. kr), Luster (73 mill. kr) og Jølster (64 mill. kr).

Hos naboen i sør er det Voss som har høgast verdiskaping med 112 mill. kroner. Deretter følgjer Ullensvang (90 mill. kroner), Kvinnherad (84 mill. kroner), og Etne (79 mill. kroner).

- Landbruk og landbruksbasert verksemd er viktig for sysselsetting og verdiskaping i mange kommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane. Landbruket bidreg også med andre verdiar for samfunnet gjennom å forvalte store arealressursar, i tillegg til å skape arbeidsplassar i næringsmiddelindustrien, seier Bjørlo.

Artikkeltags