Gå til sidens hovedinnhold

I ein av landets beste kulturkommunar måtte dei avlyse UKM grunna låg påmelding

Artikkelen er over 2 år gammel

Gloppen: - Det er heilt merkeleg at vi ikkje får nok påmelde, seier Frida Bjørneheim.

Arrangørane av UKM i Gloppen har sett seg nøydde til å avlyse årets UKM, som skulle vore no til helga. Frida Bjørnereim (16) jobbar i Ungdommens Ressursgruppe, som arrangerer UKM. Ho syns det er merkeleg at ikkje nok folk vil delta.

– Vi bestemte oss for at om det blei mindre enn 10 deltakarar, så kom vi til å avlyse.

Undrast over låg deltaking

I fjor var Gloppen den 3. beste kommunen på kultur i fylket, ifølge ei undersøking gjennomført av Telemarksforsking. Tidlegare år har dei lege på ein 1.-plass. I 2016 var dei sågar landets fjerde beste kommune. Likevel er det ikkje noko nytt at deltakinga på UKM er låg.

– Vi har streva med lite påmelding i fleire år. Vi syns det er veldig merkeleg at dette skal vere eit problem akkurat her i Gloppen. Vi har prøvd fleire ulike tiltak for å auke påmeldinga, men det er vanskeleg.

Blir sendt rett til fylkesfestivalen

Dei som har meldt seg på treng ikkje å fortvile. Bjørnereim fortel at dei likevel skal få sjansen til å vise seg fram:

– Dei som eigentleg skulle delteke her i Gloppen får tilbod om å reise rett til fylkesfestivalen i Høyanger. Det er synd at vi ikkje får arrangert den kommunale festivalen her, men det er den beste løysinga vi har.

Bjørnereim fortel at dei satsar på at det blir UKM i Gloppen til neste år.

– No må vi verkeleg vri hjernane våre for å komme på noko lurt, slik at fleire får lyst til å delta.

Kommentarer til denne saken