Hole ankar til lagmannsretten

ANKAR: Bjarne Hole ankar dommen på 45 dagar i fengsel.

ANKAR: Bjarne Hole ankar dommen på 45 dagar i fengsel.

GLOPPEN: Eigaren av Hole Traktor og Maskin vart dømd til 45 dagar fengsel for å ha grave i 2000 år gamalt kulturminne. No ankar han dommen.

DEL

Dette melder NRK Sogn og Fjordane.

Rettssaka mot Bjarne Hole frå Byrkjelo var oppe i Fjordane tingrett i april.

– Eg erkjenner ikkje straffskuld, sa Hole i retten.

Han var tiltalt for å ha brote kulturminnelova ved å gjere inngrep i sikringssona til eit automatisk freda kulturminne.

Hole vart dømd til 45 dagar fengsel i Fjordane tingrett. No har han bestemt seg for å anke til lagmannsretten, men det er førebels uvisst når saka kjem opp for Gulating lagmannsrett.

Det var kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune som melde Hole til politiet, då dei i mai/juni 2015 oppdaga at Hole hadde sett i gong graving i området langs husveggen til Hole Traktor og Maskin.

I området er det funne spor etter busetnad frå år 200–400 e.Kr. Ifølgje tiltalen mot Hole er kulturminnet delvis øydelagt av gravinga.

Artikkeltags