19-åring blei teken i 162 km/t, no ventar fengselstraff

Artikkelen er over 2 år gammel

KRIM: Tenåringen må sone 26 dagar i fengsel, og blir utan lappen ei god stund.

DEL

Det var Fjordenes Tidende som først omtalte saka.

I slutten av januar mista ein 19-åring lappen på staden, etter å blitt stoppa av utrykkingspolitiet i 162 km/t i Gloppen. No har fartssyndaren vore i retten, og dommen har falt i Fjordane tingrett.

Han er dømt til 26 dagar i fengsel. I tillegg mistar han retten til førarkort i 22 månadar, altså eitt år og 10 månadar. Tida han har vore utan lappen sidan fartskontrollen i januar, er blitt trekt frå. Han må ta ny førarprøva for å få igjen førarkortet sitt når den tid kjem.

I dommen står det at 19-åringen gav ein tilståing utan atterhald i retten.

Artikkeltags