Over 150 personar evakuerte frå rasområda – politiet har ikkje fullstendig oversikt over talet på ras

Foto:

Politiet melder seint tysdag kveld at det ikkje er mogleg å sende helikopter inn i området.

DEL

– Over 150 personar er per no evakuert frå området sidan det er fare for nye ras. Desse blir evakuert til ulike evakueringssenter i området, seier Stein Rune Ø. Halleraker, operasjonsleiar i Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Både Jølster og Førde kommune har sett opp krisestab.

Ca klokka 16.26 fekk politiet den første meldinga om ras i området ved E39 langs Jølstravatnet. Kort tid etter fekk politiet inn ei rekke meldingar om ras ulike stadar over og langs E39 aust for Førde sentrum og opp mot Skei.

Hovudredningssentralen og dei andre naudetatane blei varsla og sende mot området.

Bilar tatt i nytt ras på sørsida av Jølstravatnet

– På grunn av vêret var det ikkje mogleg å sende helikopter inn i området, og vi har per no ikkje fullstendig oversikt over talet på ras. Det har heller ikkje vore mogleg å søke i området, melder politiet klokka 21.40.

Per tysdag klokka 21.40 var ifølge Halleraker ein fritidsbustad råka av eit av rasa, og det er bekrefta at det ikkje var menneske eller dyr i bygningen.

– Fleire stadar blei fleire køyretøy ståande isolert mellom rasa, men det er per no ikkje meldt at nokon av desse bilane er tatt av ras eller at personar i desse bilane er skada. Mange har kome seg vekk frå området via båtar og til fots, informerer politiet kl. 21.39.

Klokka 20.45 kom det melding om eit nytt ras på sørsida av Jølstravatnet. Det er meldt frå fleire vitne om at minst ein bil er teken, og det er meldt om observasjon av ein person i vatnet.

– Vi har ikkje kontroll på tal personar eller tal bilar, men det er ingen som er melde sakna frå området per no, seier Halleraker i pressemeldinga klokka 21.50.

Les også:  Nytt ras i Jølster – ein bil skal vere teken og personar vert evakuerte

Har to senter for evakuering

Det er oppretta to evakueringssenter som blir leia av politiet. Det eine er i Gjesthalla ungdomshus på Vassenden. Det andre er Skei Hotel. Politiet ber dei som ønsker kontakt med stadane om å ringe på telefon 02800. Så blir ein sett over til politi på staden. Det er også mogleg å møte opp direkte desse plassane for å få kontakt med politiet.

Jølster har oppretta eit pårørandenummer: 57 72 61 00.

– Mange innbyggarar er utan straum og telefon, og det er uvisst kor tid dette blir ordna, skriv kommunen på sine heimesider.

Dei oppmodar alle om å ta hand om kvarandre og halde eit ekstra auge til naboar som kanskje treng bistand.

E39 blir ikkje opna

Både E39 og sørsida av Jølstravatnet er stengde. Dei blir ikkje opna att tysdag. Les meir: Desse vegane er stengde på grunn av ras og rasfare.

Eitt hus evakuert i Gaular

Også ved Haukedalsvatnet i Gaular kommune har eit hus blitt evakuert.

– Breidda på elva har gått over sine grense, og vatn har tatt seg inn i huset, seier Terje Birkeland vaktleiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Ifølge Birkeland var det ein person i huset.

– Vedkommande har blitt teke hand om av lokalbefolkninga, seier Birkeland.

Jørgen (18) kom rett til flaumkaoset på E39: – Elva er over alle breidder

Artikkeltags