Gut (4) innlagt på sjukehus etter at hund beit han i hovud og overkropp

Guten blei innlagt på Førde sentralsjukehus og hunden er henta av politiet.

DEL

– Guten besøkte ein gard i Gloppen saman med familien. Der vart han biten i hovudet og overkroppen av ein hund, seier politioverbetjent Askel Rødland som er straffersaksanvarleg i Sogn og Fjordane.

Det var bt.no som først skreiv om saka.

Etterforsking i gang

– Eg kan stadfeste at politiet har sett i gang etterforsking, seier Rødland.

Han seier at hendinga skjedde tysdag. Guten vart først frakta til legevakt, og deretter sendt til sjukehus i Førde. Der fekk han behandling for kuttskadar i ansiktet.

– I løpet av dagen i dag er guten blitt utskriven frå sjukehuset, seier Rødland.

Hunden, som ifølge politiet hadde tilknyting til garden der guten var då han vart biten, er teken hand om av politiet.

– Den vil vere i vår varetekt fram til påtalemyndigheitene har teke ei avgjerd, seier Rødland.

Den fire år gamle guten er busett i Gloppen kommune.

Avhøyrer vitne

Politiet rykte ut til staden då dei vart varsla tysdag. Informasjonen dei fekk då dei var der førte til at det vart oppretta sak. Dei er no i gang med vitneavhøyr. Rødland seier at hundeeigaren er avhøyrt som mistenkt.

– Vi har snakka med vitne. Familie, hundens eigar og andre som er naturleg å avhøyre i saka. Vi har med andre ord starta vitneavhøyr, men er ikkje ferdige enno, seier Rødland.

Etterforskinga er ifølge Rødland i ein innleiingsfase.

– Vi kjem til å bruke den tida vi treng på etterforskinga. Deretter vil saka bli rutinemessig sendt over til påtalemakta, som skal ta stilling om det har skjedd noko straffbart, seier Rødland.

Han vil ikkje gå nærare i deltalj om kva som skjedde då guten blei biten.

Artikkeltags