Eitt av fem ambulanseoppdrag i Gloppen nådde ikkje fram innan fristen

NORDFJORD: Sju Nordfjord-kommunar er uroa for ambulansetilbodet i framtida.

NORDFJORD: Sju Nordfjord-kommunar er uroa for ambulansetilbodet i framtida. Foto:

HELSE: Fleire Nordfjord-kommunar er bekymra over utviklinga. Dei er redde for kutt i ambulansetilbodet.

DEL

Sju kommunar i Nordfjord uttrykker dei si bekymring for responstida til bilambulansen. Det skjer ein uttale i samband med at Helse Førde har prehospital plan, fase 1 ute på høyring.

Det nasjonale målet for responstid med bilambulanse i grisgrendte strok er at ein i 90 prosent av oppdraga skal vere framme innan 25 minutt. Ein rapport viser at Gloppen, Bremanger og Stryn kjem spesielt dårleg ut.

– Tala er generelt høge for kommunar i Nordfjord, men Gloppen, Bremanger og Stryn peikar seg særskilt negativt ut. Der nådde høvesvis 24 prosent, 32 prosent og 34 prosent av akuttoppdraga med bilambulanse ikkje fram innan 25 minutt, står det i uttalen.

Dei er redde for at helseføretaket skal kutte ytterlegare.

– Å redusere tal ambulansestasjonar eller ordningar i vårt område er uaktuelt, då dette vil føre til svekka beredskap og redusere grav av måloppnåing knytt til responstid.

Dei meiner ein kan redusere ambulanseoppdrag dersom ein får til ei betre samordning/koordinering mellom avdelingar i Helse Førde. Dei ønskjer at pasientar med samansette behov og som treng ambulansetransport, får utført fleire behandlingar/undersøkingar når dei er på sjukehuset.

Kommunane ønskjer eit vidare arbeid om å redusere bruk av ambulanse ved å bruke rimelegare transport.

– Då vil ein frigjere økonomiske ressursar samstundes som ambulansebilane vert mindre ute på oppdrag, og dermed borte frå ambulansestasjonane om nærområda.

Det vil bidra til å sikre at den akuttmedisinske tenesta heng saman, meiner kommunane. Dei ber difor om at tal ambulansestasjonar må behaldast slik dei er i dag.

Artikkeltags