Her må du bu deg på å vente

VEGARBEID: Bogstunnelen på E39 kan bli stengd i 20 minutt torsdag.

VEGARBEID: Bogstunnelen på E39 kan bli stengd i 20 minutt torsdag. Foto:

Skal du ut og køyre torsdag? Ver obs på at fleire strekningar har vegarbeid.

DEL

Dette gjeld:

  • Fv. 422 ved Åse i Gaular kan bli stengd i inntil to timar grunna vedlikehaldsarbeid torsdag. Dette gjeld frå klokka 09.00 til 16.00. Utrykkingskøyretøy og rutegåande trafikk kan passere. Omkøyring via fv. 57 eller fv. 610.
  • På fv. 55 i Tussviktunnelen mellom Høyanger og Balestrand er det manuell dirigering frå klokka 09.00 til klokka 18.00.
  • Bogstunnelen på E39 mellom Vadheim og Norevikane kan bli stengd i inntil 20 minutt grunna vedlikehaldsarbeid. Dette gjeld frå klokka 12.00 til 17.00.
  • Fv. 691 mellom Ommedal og Åelva i Gloppen blir torsdag stengd mellom 09.30 og 14.00 grunna vegarbeid. Utrykkingskøyretøy kan passere.

Artikkeltags