Heidi Irene nekta å ta betalt for båt og nesten ny motor

EMPATISK OG SJENERØS: Heidi Irene Egge frå Byrkjelo gav vekk båt og motor heilt gratis til Magnus Willumsen som driv Norsk kystleir i Krokpollen (mellom Bryggja og Almenning) i Vågsøy kommune.

EMPATISK OG SJENERØS: Heidi Irene Egge frå Byrkjelo gav vekk båt og motor heilt gratis til Magnus Willumsen som driv Norsk kystleir i Krokpollen (mellom Bryggja og Almenning) i Vågsøy kommune. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

GLOPPEN: I staden for å lyse båt og motor ut for sal, gav Heidi Irene Egge på Byrkjelo vekk båt og motor til eit godt føremål.

DEL

– Når båten kjem til nytte for eit samfunnsgagnleg føremål, så er det heilt uaktuelt for meg å ta imot betaling frå den nye eigaren, seier Heidi Irene Egge frå Byrkjelo i Gloppen kommune.

Egge fortel at båten, ein 16 fots plastbåt med ein nesten ny påhengsmotor, i årevis har lege ubrukt i naustet på Reed etter at farkosten hadde sin siste tur på Breimsvatnet.

– Døtrene mine og eg har mange gonger snakka om kva vi skal gjere med båten etter mannen min som døydde for 8 år sidan. Etter at eg hadde vore med Bygdekvinnelaget på tur til Norsk kystleirskule, rann det i meg ein tanke om å gje båt og motor vekk til dei.

Er imponert

Norsk kystleirskule – som ligg i Krokpollen mellom Bryggja og Almenning i Vågsøy kommune i Nordfjord – er driven av Magnus Willumsen, også han frå Byrkjelo.

Egge seier ho alltid har vore imponert over – og sett så stor pris på – den ekstraordinært samfunnsgagnlege og menneskekjærlege innsatsen Willumsen i løpet av mange år har lagt ned til beste for barn og ungdom.

– Alle døtrene mine var einige med meg i at det var ein god idé å gje vekk båten til eit ideelt føremål. Eg kjenner meg glad og varm om hjartet når eg tenkjer på at dette minnet etter mannen min no får eit nytt «liv» og vert til nytte og glede for barn og unge, seier Egge.

– Ei sjeldan gåve

– Å få ei slik gåve er veldig sjeldan, og Heidi Irene Egges empati og sjenerøsitet rører oss alle heilt inn i inste sjela, seier Magnus Willumsen, som har grunnlagt og starta opp kystleirskulen i Krokpollen.

Willumsen seier at tiltaket hans møter stor velvilje og sjenerøsitet hjå mange, til dømes ved at borna som er på leiren blir inviterte ut på middag, eller ved at dei blir påspandert til dømes ein kasse jordbær.

– Ein båt som er i så god stand som denne er, med ein ganske ny firetakts påhengsmotor på 30 hestekrefter, er verdt ein god del pengar. Difor ville eg betale Egge, men ho var heilt bombastisk på at det vart heilt uaktuelt.

No gler Willumsen seg til å ta ungdomane ut i «Marita», som båten heiter.

– Det er verdt å tenkje over den enorme skilnaden av «å unne nokon» og «å misunne nokon». Egges gåve er usedvanleg sjenerøs, usedvanleg empatisk, usedvanleg tankefullt, og ei usedvanleg hjarteleg anerkjenning. På vegner av Krokpollen og ungdomane kan eg berre seie tusen, tusen takk!

Artikkeltags