Motoren stoppa 650 meter oppe i lufta – småfly krasjlanda på jorde

Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

GLOPPEN: Fekk skadar under vengene, halehjulet vart rive av, haleflata skadd og eine propellbladet brotna.

DEL

Ulukka skjedde den 18. september i fjor på Hopland i Stryn kommune. Eit seglfly med motorglidar fekk motorstopp etter avgang frå Anda lufthamn og krasjlanda på eit jorde.

Havarikommisjonen har no kome med sin rapport av ulukka.

Fekk ikkje start på motoren

Etter avgang frå lufthamna gjennomførte fartøysjefen to 360 graders svingar for å opparbeide høgde. I ca. 650 meter høgde fortsette flyginga austover på sørsida langs Nordfjorden, før fjorden deretter vart kryssa før flyginga fortsette austover.

I det flyet passerte Åland gard i Randabygda stoppa motoren brått. Det var ikkje mogleg å få start på motoren igjen, og fartøysjefen måtte velje eit område å føreta landinga på.

Landinga vart bestemt skulle skje i eit skrånande jorde vest for garden, men utflating før landinga vart gjort for seint. Landinga vart difor så hard at hjula trengde gjennom grastorva, og hovudunderstellet vart rive av flyet. Flyet spratt deretter opp og trefte bakken igjen 20 til 30 meter lenger oppover jordet, før det la seg til ro med nasen delvis mot fartsretninga.

Store skadar på flyet

Småflyet fekk skadar under vengene, halehjulet vart rive av, haleflata skadd og eine propellbladet brotna.

Flyet vart transportert tilbake til ein hangar på Anda, der Statens havarikommisjon for transport utførte feilsøking på motoren sitt tenningssystem.

Der vart det funne ein feil på leidning mellom magnet og tenningsbrytar, og havarikommisjonen har difor konkludert med at ein leidningsfeil var årsaka til at motoren slokna.

Artikkeltags