Kjøper seg opp i settefiskanlegg i Gloppen

ANLEGGET: Skissa syner korleis klekkeriet/startforingsanlegget kan bli.

ANLEGGET: Skissa syner korleis klekkeriet/startforingsanlegget kan bli. Foto:

No vil selskapet sikre utbygging av nytt klekkeri ved Sande Settefisk.

DEL

Nordfjord Laks AS og Svanøy Havbruk AS, har gjort avtale om kjøp av 33 prosent og 34 prosent av aksjane i Sande Settefisk på Rygg i Gloppen Kommune. Etter transaksjonen vil Sande Settefisk vere 33 prosent eigd av Hyen Fisk, 33 prosent eigd av Nordfjord Laks og 34 prosent eigd av Svanøy Havbruk.

Selskapa vil gjennom investeringa, sikre utbygging av nytt klekkeri og påvekstanlegg ved Sande Settefisk, heiter det i pressemeldinga. Selskapet ønskjer å ta i bruk ny og moderne resirkuleringsteknologi for å sikre framtidsretta smoltproduksjon

Det er også valt nytt styre og tilsett ny dagleg leiar i selskapet. Det nye styret består av: Svein Klævold (styreleiar), Kurt Djupvik og Ove Inge Vågen.

Tom Wilke tek over som dagleg leiar i selskapet 1. januar. Han har jobba i Sande Settefisk i om lag 20 år, dei siste åra som driftsleiar. Han overtar etter Åsmund Ommedal, som har vore dagleg leiar både på Sande Settefisk og Hyen Fisk dei siste åra. Ommedal held fram som dagleg leiar på Hyen Fisk.

Artikkeltags