Og kva var vel meir naturleg enn at dronninga vart helsa velkommen med vers frå Nordfjordsongen framført av elevar frå barneskulen, ungdomsskulen og Firda vgs.
Og det var Håkon Fjellstad som fekk æra av å dele ut blomster til dronninga før ho vandra vidare til den offisielle velkomstkomiteen der mellom andre elevrådsleiar Hanne Hjartholm og rektor Hallgeir Hansen ønskte dronninga velkommen til Firda.
Deretter ventar ei vel tre timars omvising på skulen der Dronning Sonja for helse på elevar og tilsette som alle har gitt sine bidrag til at skulen fekk Dronning Sonjas skulepris for likeverd og inkludering.
Høgdepunktet blir nok utan tvil sjølve prisoverrekkinga der prisen på 250.000 kroner blir overlevert til rektor Hallgeir Hansen. Eit måleri signert dronninga sjølv er også ein del av prisen. Det har fått tittelen «Vekst» og blir avduka av dronning Sonja.