Canadagåsungar banka på og ville inn

– Nokon heime? Desse tre gåsungane kom på døra hos Gerd Austrheim.

– Nokon heime? Desse tre gåsungane kom på døra hos Gerd Austrheim. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Banka på glaset med nebba

DEL

- Sanneleg er det mykje rart som skjer, seier Gerd Austrheim i Gloppen. Tysdag fekk ho besøk av tre canadagjess-ungar som gladeleg hadde innteke huset hennar i Arnestadbakkane på Rygg, om dei hadde fått lov.

- Først trudde eg det var katten vår som kom ned skråninga, men så vart vi klar over at det var ein gåsunge, med to andre hakk i hæl, fortel ho.

Gjekk til verandadøra

- Dei gjekk rundt huset og kom seg opp på ein benk. Der stod dei og banka på glaset med nebba sine. Deretter gjekk dei til verandadøra og ville inn. Ute følgde dei etter oss der vi gjekk, seier Gerd Austrheim.

- Dei var nok ute etter mat. Det var eit artig besøk, men eg er glad dei drog sin veg igjen, for desse fuglane er visst glade i blomar. Dei hadde vel rasert hagen, hadde dei blitt verande, seier ho.

Brødsmular populært

Litt servering vart det likevel på dei uventa unge fjærkledde gjestane. Gåsungane fekk nokre brødsmular og litt vatn, og dette gjekk ned på høgkant.

Austrheim seier ho ikkje har opplevd besøk av gåsungar før.

- Byggefeltet her ligg eit godt stykke frå vatnet, der gjessene plar halde seg. Eg veit ikkje kva gåsemora har tenkt på, når ho fekk dei heilt opp hit, seier Gerd Austrheim.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken