Statens vegvesen hadde kontroll på Byrkjelo og Sandane i Gloppen fredag. Der vart 300 køyretøy kontrollerte med vegvesenet sitt superkamera, ANPR, som les skilt og sjekkar at ting er på stell. Her vart fem køyretøy avskilta, då dei ikkje har vore gjennom EU-kontrollen. To bilførar fekk gebyr for å ikkje ha med førarkort, medan to fekk gebyr for å ha lagt at vognkortet. Ein bileigar fekk og mangellapp grunna manglande lys på tilhengar, vedkommande måtte og ordne lastesikringa før han fekk køyre vidare.

I tillegg stogga vegvesenet ein førar i traktor. Han vart nekta å køyre vidare med last framme på traktoren. Dette då vegvesenet opplyser at utstyret er laga for å flytte eller handtere last, ikkje frakte gods langs vegen.