Bygd isolert grunna flaum

Artikkelen er over 1 år gammel

Fylkesveg 293 mellom Byrkjelo og Myklebust er stengt. - Det er veldig mykje vatn langs heile vegen, seier Vegtrafikksentralen.

DEL

Fylkesveg 293 er einaste bilveg inn til bygda Myklebust i Gloppen.

Der har store nedbørsmengder ført til at mange bekkar går veldig store, og det er overvatn på vegen mange stader.

– Men ved brua ved Spirefoss var vassmengdene så store at entreprenøren har valt å stenge vegen, seier trafikkoperatør Hanne Nordheim ved Vegtrafikksentralen.

– No må ein berre vente og sjå an situasjonen til vêret roar seg, men det blir vel gjerne ikkje før i morgon tidleg, seier Nordheim.

Artikkeltags