Ville bygge hytte på gamle fjøstufter, får nei

VIL BYGGE NY: Audun Rygg ville bygge ny hytte på støylen sin, men fekk ikkje lov. Ein av grunnane til at han fekk avslege er at han har dette selet frå før som han heller kan sette i stand og eventuelt utvide, skriv sakshandsamar Alf Erik Røyrvik.

VIL BYGGE NY: Audun Rygg ville bygge ny hytte på støylen sin, men fekk ikkje lov. Ein av grunnane til at han fekk avslege er at han har dette selet frå før som han heller kan sette i stand og eventuelt utvide, skriv sakshandsamar Alf Erik Røyrvik.

EIGEDOM: Audun Rygg frå Gloppen ville bygge hytte på tomta si, men får nei fordi området er verna.

DEL

Saka har gått i fleire vende, men no har glopparen Audun Rygg fått eit endeleg nei til å bygge seg hytte på tomta si.

Det kjem fram i eit brev frå Miljødirektoratet, som har behandla klagesaka etter at Naustdal- Gjengedal verneområdestyre tidlegare har sagt nei.

Det var 30. mai 2017 Rygg søkte løyve til å føre opp ei hytte på gamle murar på eigedomen sin på Dalsbøen i Traudalen, som ligg i landskapsvernområdet Naustdal- Gjengedal. På tomta er det frå før gamle fjøstufter og nokre bygningar, men framfor å ruste opp desse vil han heller bygge ny hytte.

Ville bygge fjøs med loft i 2012- fekk nei

Verneområdestyret for Naustdal- Gjengedal behandla saka, og peikte på at landskapsvernområdet er verna mot inngrep som vesentleg kan verke inn på landskapet sin art og karakter, inkludert hyttebygging. Dei avslo søknaden.

Rygg klaga på vedtaket i januar 2018 og skreiv i sin klage at styret har tolka føresegnene i regelverket feil. Rygg peikte på at det manglar heimel til å nekte han å føre opp hytta, noko som gjer staten erstatningspliktig.

VIL BYGGE HYTTE: På denne tomta ved dei gamle fjøstuftene ville Audun Rygg bygge hytte, men fekk avslag.

VIL BYGGE HYTTE: På denne tomta ved dei gamle fjøstuftene ville Audun Rygg bygge hytte, men fekk avslag. Foto:

Klagen til glopparen blei handsama, men styret stod fast på sitt. Difor enda Miljødirektoratet opp som klageinstans.

Tilbake i 2012 søkte Rygg om løyve til å føre opp fjøs med loft på dei gamle fjøstuftene. Denne søknaden blei avslege, noko Rygg den gong klaga på. Heller ikkje då nådde han fram med klagen og klagen blei stadfesta av Miljødirektoratet.

–Endrar særpreget

Miljødirektoratet er på ny samd i vedtaket frå Naustdal- Gjengedal verneområdestyret. Dei viser til at oppføring og ombygging av bygningar er forbode. Årsaka er at det vil endre landskapet sitt særpreg og karakter. 

Men, det finst unntak, skriv dei vidare:

– Verneforskrifta har regler som opnar for naudsynte bygningar til enkelte føremål som til dømes i samband med landbruksdrift. Det er og opning for å kunne gje løyve i samband med oppattbygging av gamle stølshus som har ramla ned eller bygningar som er skada ved brann eller naturskade, skriv direktoratet, og legg til at ikkje noko av dette er tilfelle i Rygg si sak.

Dei viser til formålet med etableringa av landskapsvernområdet:

«Å ta vare på eit eigenarta og vakkert naturområde som er så godt som fritt for tyngre tekniske inngrep, og som har stor variasjon i natur frå lågland og stølsdalar til fjellområde med brear, mange dalar med elvar og store og mindre vatn. Det er vidare eit formål å ta vare på kulturlandskapet med dei kulturminna det inneheld. Området skal også kunne nyttast til tradisjonelt friluftsliv utan særleg teknisk tilrettelegging.»

Artikkeltags