Propanen i brennande båt er under kontroll

Foto:

Sperringa blir oppheva.

DEL

Ein båt ved Seime i Gloppen står i full fyr. Det opplyser operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Dag Olav Sætre.

– Båten står på land og er 150 meter frå næraste hus, seier han.

Politiet har vore i kontakt med båteigar som fortel at det er propan i båten.

– Vi kjem til å ta forholdsreglar med tanke på propanen. Vi kjem til å sperre av eit området, seier Sætre.

Han informerer om at det ikkje var nokon om bord i båten. Per no er det ikkje fare for spreiing til hus.

Båten er mellom 20 og 30 fot og bygget i glasfiber.

Det er stengt for trafikk på Årdalsvegen ved brannen.

Klokka 20:12 opplyser politiet at dei har fått kontroll på propanflaskene og at sperringa opphevast.

Artikkeltags