Fure sluttar som rådmann til sommaren. Ni har søkt jobben hans

PENSJONIST: Jan Kåre Fure er rådmann i Gloppen kommune. Når han neste år fyller 62 vil han gå av med pensjon.

PENSJONIST: Jan Kåre Fure er rådmann i Gloppen kommune. Når han neste år fyller 62 vil han gå av med pensjon. Foto:

Ni har søkt stillinga som kommunedirektør - eller rådmann som det heitte før.

DEL

Rådmann Jan Kåre Fure går av med pensjon sommaren 2020. Då må kommunen ha på plass ein ny rådmann, eller kommunedirektør, som det heretter skal heite. Søknadsfristen er no ute, og det er ni personar som har søkt jobben.

Av dei ni som har søkt er det ein som ikkje vil ha namnet sitt offentleggjort. Dette er ein mann, og kommunen har godtteke ønsket hans om å vere anonym.

Kommunedirektør skal etter planen tilsettast i kommunestyret 26. eller 27. november i år.

Dei åtte som har søkt stillinga, og som står fram offentleg er:

  • Thomas Meisfjord (47), Lillestrøm – verksemdsleiar i Eidsvoll kommune
  • Aud Marie Åsen (49), Eid – tenesteleiar i Vågsøy kommune
  • Arne Bård Dalhaug (65), Oslo – pensjonist
  • Luís Henrique Avellar (48), São Paulo – reseacher
  • Olav Fure (55), Volda – vikar
  • Geir Liavåg Strand (59), Gloppen – organisasjonssjef i Gloppen kommune
  • Per Rosing-Petersen (58), Grønland – sjølvstendig konsulent
  • Ivar Edmund Vatten (55), Halsa – ikkje oppgjeve stilling.

Artikkeltags