Desse ubedne gjestene kostar dyrt

SKADEDYR: Desse skadedyra kan øydelegge for fleire hundre tusen.

SKADEDYR: Desse skadedyra kan øydelegge for fleire hundre tusen. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Skadedyr øydelegg isolasjon, røyr og elektriske anlegg. Det vert dyrt for forsikringsselskapa.

DEL

Kring 100 bustadar i Sogn og Fjordane hadde i 2016 gnagarar på besøk. Forsikringsselskap måtte betale fleire millionar kroner for skader frå rotter og mus, og lite tyder på at det vil bli annleis i år. Dette skriv Sogn Avis.

– Etter berre nokre få månadar inn i det nye året har vi alt fått meldingar frå fleire fortvila kundar som har oppdaga gnagarar i hus og heim, seier Simon Andre Olsen, rådgjevar i Gjensidige med ansvar for skadeførebygging.

Olsen seier vidare at skadane varierer frå mindre utbetringar til totalrenoveringar. Prislappen for å sette bustadar i stand er ofte mellom 40.000 og 50.000 kroner, men det er også døme på skadeomfang til fleire hundre tusen kroner.

– Mus og rotter et alt dei kjem over, og kan øydelegge isolasjon, røyr og elektriske anlegg. Øydelagde leidningar kan vere brannfarlege. I tillegg kan daude dyr og avføring gje store luktproblem, opplyser Olsen.

Totalt blir det årleg meldt inn rundt 4000 skadar som skuldast rotter og mus til forsikringsbransjen i Norge. 100 millionar er prisen på skadane dyra gjer.

Artikkeltags