Kjend britisk avis skryt av Gaularfjellet

Utsikt frå Utsikten på Gaularfjellet.

Utsikt frå Utsikten på Gaularfjellet. Foto:

– Dette er ein av landets best bevarte hemmelegheiter.

DEL

Slik beskriv den kjente britiske avisa, The Telegraph, Gaularfjellet. I ein artikkel som vart publisert i førre veke har dei laga ein liste med ni stader i Norge som er vert å besøke, og helst med bil.

Dei beskriv Norge som eit av verdas beste og tryggaste landa for å køyre bil i. Det grunngjev dei med at det berre to personar per 100.000 innbyggarar blir drepne i trafikken.

På lista over dei ni stadane ein bør køyre i Norge finn vi noko som er veldig kjent, nemleg Gaularfjellet.

– For dei som er villige til å køyre vekk frå Noregs mest kjende turistruter, tilrår vi Gaularfjellet, skriv avisa.

Avisa plasserer denne destinasjonen på ein fjerdeplass og beskriv den som Noregs best bevarte hemmelegheit. For å gi lesarane eit bilde over kva dei kan vente seg på Gaularfjellet, illustrerer dei turen som «å slange seg bortover Gaular» og «eit fossefall frå Nystølen til Eldal».

Dette er den fullstendige lista til avisa:

  1. Atlanterhavsvegen
  2. Senja
  3. Hardanger
  4. Gaularfjellet
  5. Lofoten
  6. Geiranger-Trollstigen
  7. Jæren
  8. Ryfylke
  9. Helgelandskysten

Artikkeltags