Veit du kven som har sendt flaskepost til Fantorangen?

Her er brevet som Tomas Oskar Hammarsø Bruket fann langs Viksdalsvatnet.

Her er brevet som Tomas Oskar Hammarsø Bruket fann langs Viksdalsvatnet. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

GAULAR: Tomas Oskar Hammarsø Bruket fann ei flaske i vasskanten ved Viksdalsvatnet, og inni var det eit spesielt brev.

DEL

«TIL FANTORANGEN FRA SOLVEIG AGATE 7 ÅR»

Tomas brettar ut brevet som ligg inni flaska, og med denne teksten høyrer det til ei fargerik teikning av mellom anna NRK-figuren «Fantorangen».

Trudde det var boss

Førdianaren har jobba langs Viksdalsvatnet dei siste vekene, og påpeikar at det er overraskande mykje forsøpling. Flaska han fann i vasskanten var også boss, heilt til han såg at det var noko inni. Tomas skulle sjekke ei gammal grøft, men stoppa i det han såg flaskeposten.

– Eg streva veldig med å få brevet ut, og eg var redd for å rive det sundt, forklarar han.

Vil finne Solveig Agate

Tomas synest det var eit artig og spesielt funn, og posta fort bilde av flaskeposten på Firda si facebook-side.

– Det hadde vore artig å funne ut kven dette er, seier han.

  • Veit du kven Solveig Agate er? Ring oss på 57 83 33 33 eller send mail på redaksjon@firda.no
     

På brevet står det berre eit fornamn, og inga adresse. Ved å kontakte media håpar han å kanskje finne opphavet til brevet.

– Eg veit ikkje kor det kjem frå, kanskje ein barneskule eller liknande i nærleiken, seier han lattermildt.

Fantorangen sin første flaskepost

Redaksjonssjefen i NRK Super, Ingrid Hafstad, synest det er stor stas at Solveig Agate har prøvd å sende flaskepost til Fantorangen. No håpar ho at brevet kan fortsette på ferda.

FANTORANGEN: Dette er figuren Solveig Agate sendte flaskeposten sin til. No håper redaksjonssjefen i NRK Super at flaskeposten kan finne vegen heilt fram.

FANTORANGEN: Dette er figuren Solveig Agate sendte flaskeposten sin til. No håper redaksjonssjefen i NRK Super at flaskeposten kan finne vegen heilt fram. Foto:

– Det er faktisk første gongen nokon har sendt flaskepost til Fantorangen! Eg håpar den kan sendast vidare til oss, så kan vi få gitt den til han, seier Hafstad.

Ho fortel at mange sender inn teikningar og smokkar, men aldri før ein flaskepost. Hafstad har ein mistanke om at jenta kan vere inspirert av den populære NRK-serien «Flaskepost frå Stillehavet». Ho påpeikar at det er ekstra kjekt når merksemda kjem frå andre plassar i landet, og redaksjonssjefen røper også at Fantorangen vil ta seg ein tur rundt i landet med Sommertoget i 2017.

Ho håpar til liks med Tomas at ein kan finne ut kven den mystiske flaskepost-jenta er, slik at ho kan få sendt brevet sitt til Fantorangen.

– Slike ting tek vi godt vare på, seier Hafstad.

Det var i dette området Tomas Oskar Hammarsø Bruket fann flaskeposten.

Det var i dette området Tomas Oskar Hammarsø Bruket fann flaskeposten. Foto:

Artikkeltags